Sasha må jobbe saman med eks-mannen sin. Gerry drar for å hjelpe til med bryllaupet til dottera, og snublar over ein mogleg drapssak. I mellomtida har Danny vore på kroppsspråk-kurs.
Teamet etterforskar drapet på den unge, talentfulle legen Lydia Syson, og oppdagar at det er stor forskjell på private og offentlege klinikkar. I mellomtida skal dottera til Danny flytte frå heimen for å studere.
Den ærgjerrige advokaten Bryony Willis får eit anonymt brev som handlar om faren hennar, ein terrorist som sprengte seg sjølv i lufta ved eit uhell. Brevet fortel at det var politiet som tok livet hans, ikkje bomba.
Då ein pasient med demens rømmer frå pleieheimen for å melde om eit drap, får teamet eit spor i ei gammal forsvinningssak frå 1956. Samstundes blir sonen til Steve arrestert for eige av narkotika.
Sasha og Ned må jobbe saman då ein filmkritikar blir funnen død i kloakken. Dei ser på om dødsfallet har ein samanheng med drapet på ein filmkonsept-illustratør for tjue år sidan.
Teamet etterforskar dødsfallet til ein personleg trenar og medlem av ei romersk historiespelgruppe.
Då ei tyrkisk kvinne blir arrestert for å jobbe som bartendar utan løyve, dukkar det opp nye opplysningar om ein mordbrann frå 2009.
Ein tenåring kastar murstein på motorvegen og blir arrestert. DNA-et hans gir treff i ein gammal uløyst drapssak. UCOS undersøker om tenåringen er i slekt med drapsmannen til tolken Agnes Bradley.
Ein ven av Griffin, Ellen Barker, blir funnen død. Hovudetterforskaren i saka er ein gammal kollega av Miller og det viser seg at ho var ein amatørdetektiv.
Ein tidskapsel med ein ljodkassett frå 1983 blir grave fram. Kassetten inneheld eit opptak av ei jente som blei drepen kort tid etter at opptaket blei gjort, og Griffin trur at tala ho las opp, var topp hemmelege.