Sesonger og episoder

Sesong 4
  • Sesong 1
  • Sesong 2
  • Sesong 3
  • Sesong 4
  • Sesong 5
  • Sesong 6
  • Sesong 7
  • 01:00Episode 1
    Drama, Krim

    Humphrey Goodman og teamet hans løyser kriminalsaker på øya Saint-Marie. Eigaren av eit rombrenneri blir myrda under ein spiritistisk seanse. Alle spora peiker mot eit spøkelse som hovudmistenkt.

  • 01:00Episode 2
    Drama, Krim

    Ein surfeinstruktør blir drept. Goodman er heilt sikker på at saka er meir komplisert enn ho først ser ut til. Dwayne prøver å imponere den nye sjefen.

  • 01:00Episode 3
    Drama, Krim

    Eit medlem av det lokale historielaget døyr. Mykje tyder på at miljøet i den lille foreininga ikkje er så triveleg som ein skulle tru. Goodman prøver å konsentrere seg om jobb, men tenker mykje på Camille.

  • 01:00Episode 4
    Drama, Krim

    Ei kvinne som skal stå brud, blir drept under utdrikkingslaget sitt. Det er ei komplisert sak for Goodman. Camille må ta ei viktig avgjerd.

  • 01:00Episode 5
    Drama, Krim

    Songaren i eit rockeband blir myrda på Saint-Marie. Kan Goodman halde kontroll på dei mistenkte lenge nok til at han klarer å løyse saka?

  • 01:00Episode 6
    Drama, Krim

    Saint-Marie kjem til finalen i ei volleyballturnering mellom lag frå øyene. Ein spelar blir drepen, og Goodman og teamet må finne ut kva som har skjedd. Samtidig møter Selwyn ein gammal kjenning.

  • 01:00Episode 7
    Drama, Krim

    Ei forretningskvinne blir myrda mens ho og kollegaene hennar er samla for å drive teamutvikling. Ein av dei mistenkte kjem med ei overrasking som kan få heile etterforskinga til å spore av.

  • 01:00Episode 8
    Drama, Krim

    Ein fange blir drept mens han er i varetekt. Goodman og teamet er under press for å løyse saka raskt. Humphreys far kjem til Saint-Marie og legg seg opp i livet til sonen.