Norge fra luften

Norge fra luften

NRK1, Lør 24. aug 16:40 - 16:50, reprise

Dokumentar, Miniserie, Norge

Ei luftig reise over Noreg over tronge fjordar, bratte fjell og strie elvar. Med blant anna eit heftig motbakkeløp på Sunnmøre, rafting i Ottadalen og ein tur inn Lysefjorden.

Sesonger og episoder

Sesong 1
  • Sesong 1
  • Episode 1 - Spor
    Dokumentar, Miniserie

    Bli med på ei luftig reise i fotefara til dei som har forma landet vårt. Overalt er det spor i landskapet, spor etter menneske, spor etter dyr og spor etter katastrofar som har skapt fantastiske naturfenomen.

  • Episode 2 - Kraft
    Dokumentar, Miniserie

    Du får vere passasjer på ein tur som tek deg til tronge fjordar, bratte fjell og strie elvar. Bli med på eit heftig motbakkeløp på Sunnmøre, rafting i Ottadalen og ein tur inn Lysefjorden som vil gje deg sug i magen.

  • Episode 3 - Grøde
    Dokumentar, Miniserie

    Du er invitert med som passasjer på ein tur som tek deg med på epledyrking i Hardanger, fiskerihistorie i Lofoten, moderne skogsarbeid i Hedmark og Oppland, til plankebyen Fredrikstad, og oljebyane Stavanger og Sandnes som går usikre tider i møte.

  • Episode 4 - Risiko
    Dokumentar, Miniserie

    Turen går til nokre av dei vakraste, men også mest farlege landskapa i landet vår, på Vestlandet og Oppland. Opplev historia til dei som mista alt i nokre av dei verste rasulukkene og flaumane som har råka oss.

  • Episode 5 - Kontakt
    Dokumentar, Miniserie

    Opplev nokre av våre mest spektakulære vegar, tøffaste toglinjer og eventyrlege båtreiser. Turen går mellom anna med Nordlandsbanen, ut til Helgelandskysten, gjennom Telemark og heilt opp til Galdhøpiggen.

  • Episode 6 - Mot
    Dokumentar, Miniserie

    Det skal handle om å takle motgang, utfordre seg sjølv og å våge. På turen blir det et treff med våghalsar som kastar seg utfor bratte fjell, ein hundekøyrar i vinterlandskap og moskus på Dovre.