Ti talentfulle deltakarar kjempar om å bli den aller beste syaren. Det blir svette, tårer og pittelitt blod, men mest av alt latter, moro og stor sy-lidenskap. Alle vil vise Jenny Skavlan og Andreas Feet kva dei kan, men gjenbrukstema i alle oppgåver er utfordrande. Klarar dei å lage kule og bruk...
Syarane får i oppdrag å sy til ein ekte kunde, og den som vinn oppdraget kan ikkje bli sendt heim. Dei har vidt forskjellige idear om korleis dei skal løyse oppgåva, men kva antrekk vel kunden som treng noko nytt å gå med på jobben?
Ni talentfulle deltakarar kjempar om å bli den aller beste syaren. Det blir svette, tårer og pittelitt blod, men mest av alt latter, moro og stor sy-lidenskap. Stil og blikk for design blir utfordra når syarane lage garderobe-klassikaren sirkelskjørt, og endå vansklegare blir det når dei skal pro...
Eit nytt kundeoppdrag får fjørene til å fyke i syrommet, men det endar godt for alle, så nær som ein! Men er turerfaring viktig for å løyse oppgåva?
Det hjelper å vere ei festløve, men det er neppe nok når Jenny og Andreas saumfarer nyproduserte glamour-plagg av sjal og utdaterte klede. Tida og tvilen er nok ein gong dei verste stressfaktorane.
Nokon har drøymt om å lage akkurat eit slikt antrekk sidan dei kom, andre blir ein smule starstruck når dei oppdagar kven som er kunden. Men denne dagen får syarane ikkje lov til å sy.
Alle syarane må sette seg inn i noko dei ikkje kan, og lærer fort. Men til sjuande og sist handlar det om å treffe smaken og stilen til kunden, samt oppfylle krava frå dommarane. Det er lettare sagt enn gjort, viser det seg.
Visste du at fallskjermhopparar hadde på seg jumpsuit når dei hoppa, og at det lønner seg å klippe halternecken på full skrå når det står i oppskrifta? I tillegg stiller dommar Andreas som mannekeng. Men kor aktuell er eigentleg ein mannevest?
Ta eit klenodium av ein kjole og gjer den aktuell nok for årets skuleball, samtidig som du viser den gamle kjolen respekt. Syarane både elskar og hatar kundeoppgåva denne veka, men i dag skal dei berre planlegge.
17 år gamle Tuva vil ha ballkjole og syarane får velge kvar sin kjole frå det rikhaldige skapet til mormora hennar. Men korleis sy ein kjole som passar på årets skuleball, og samtidig er brukbar i årevis framover. Den som lagar kjolen Tuva vel, er freda, men er det kanskje sikrare å satse på krav...
Dei burde ha visst det no, dei seks som er igjen, at ein bør lese oppskrifta nøye. Redesignoppgåva kjem uventa, og konkurransen tilspissar seg. Vi skal sjå at viktige detaljar får stor betydning for oppgava.
Ein elegant kunde med bein i fleire kulturar entrar syrommet, og plutseleg må alle google. Symesterskapet går mot slutten og det skal ikkje vere lett å komme vidare til finaleveka.
Kimya ynskjer seg ei heilt spesiell festdrakt som både kan vise kor ho kjem frå opphaveleg såvel som kor ho bur i dag. I dag må to reise heim, så det er viktigare enn nokon gong å sy bra, og forstå kva kunden vil ha.
Det er finaleveke og mykje står på spel, og det blir ikkje lettare av at oppgåvene handlar om dei store dagane i livet. Ein må reise heim etter dei to første oppgåvene, og stemninga i syrommet er forandra.
Den aller siste oppgåva er vanskeligere og viktigare enn nokon gong. Likevel blir finalistane lukkelege av å få eksamensoppgåva, og møte den heilt unike kunden, og det er ikkje rart! Bra det er tid til å planlegge.
Finale Tre finalistar kjempar om å vinne Symesterskapet. Det blir svette, tårer og pittelitt blod, men mest av alt latter, moro og stor sy-lidenskap. Den som syr det kunden vil ha, vinn Symesterskapet!