Chicago Fire
trailer

Chicago Fire

7.9 IMDbAction, Drama • USA • Sesong 4, Episode 9

Tor 24. okt 19:15 - 20:00Viasat Series
Brannmannskapet er ikkje begeistra for at Patterson tar over medan Boden er oppteken med å reinvaske namnet sitt. Severide finn ut kor Serena kan vere, og politifolka Atwater og Ruzek drar til Lake Carlyle for å finne fleire spor i saka til Boden. Samstundes gjev Herrmann og Otis eit oppdrag til Freddie, slik at han ikkje er langt unna. Jimmy og Chili får meir merksemd enn nokon av dei ønsker.

Sesonger og episoder

Sesong 4
  • Sesong 1
  • Sesong 2
  • Sesong 3
  • Sesong 4
  • Sesong 5
  • Sesong 6
  • Sesong 7
  • trailer
    Episode 1 - Let It Burn
    Action, Drama, S4:E1

    Casey er sentral i ein dekkoperasjon for å avsløre at det blir drive menneskehandel rundt strippeklubben til Nesbitt. Det blir eit farleg oppdrag. Boden er misnøgd med at det kjem ein ny mann på brannstasjonen.

  • trailer
    Episode 2 - A Taste of Panama City
    Action, Drama, S4:E2

    Mannskapet er frustrerte. Dei er ute av stand til å hjelpe Boden, som står i fare for å miste jobben som følge av ei interngransking etter ein komplisert brann. Severide har problem med å akseptere si nye rolle og tilpasse seg den nye sjefen, Patterson. Casey er på leiting etter eit viktig prov i...

  • trailer
    Episode 3 - I Walk Away
    Action, Drama, S4:E3

    Interngranskinga tar stadig nye vendingar, og det er aldri godt å vite om Boden får halde fram i jobben. Brett og Chili må plutseleg hjelpe eit offer for knivstikking, medan ein stopp i ein heis i eit stort hotell set motet på prøve hos alle som er med. Borrellis bror Danny prøver å få han overfø...

  • trailer
    Episode 4 - Your Day Is Coming
    Action, Drama, S4:E4

    Ein i brannmannskapet treng støtte frå dei andre etter å ha vore nær katastrofen. Herrmann må finne ei løysing for å få opna Mollys att. Severide går djupt inn i granskinga av ei eldspåsetjing. Samstundes har han ein av sine verste dagar nokon gong.

  • trailer
    Episode 5 - Regarding This Wedding
    Action, Drama, S4:E5

    Ein brann øydelegg for eit bryllaup i nabolaget, og Boden bestemmer at seremonien kan finne stad på brannstasjonen i staden. Det likar ikkje den ambisiøse sjefen hans, Riddle. Dawson kjem tilbake, og også ho blir usamd med Riddle. Severide må kjempe for å vinne plassen sin tilbake, og Patterson k...

  • trailer
    Episode 6 - 2112
    Action, Drama, S4:E6

    Usemja mellom Severide og Patterson når nye høgder. Cruz får eit overraskande besøk frå fortida då eit gjengmedlem som kjenner bror hans, ber om ei teneste. Mannskapet må rykke ut til ei trailerulukke. Som takk for hjelpa får dei billettar til konsert med gruppa Rush.

  • trailer
    Episode 7 - Sharp Elbows
    Action, Drama, S4:E7

    Boden trur at ei kvinne i nabolaget prøver å lure han. Severide er framleis på prøve etter krangelen med Patterson, og får overraskande besøk av far sin. Han får også interessant informasjon om Patterson. Og då det blir stelt i stand ein fest for brannvesenet, blomstrar romantikken.

  • trailer
    Episode 8 - When Tortoises Fly
    Action, Drama, S4:E8

    Boden trur Maddox har noko å gjere med skuldingane Serena har sett fram mot han. Severide tar kontakt med advokaten til Maddox for å prøve å hjelpe, medan Patterson er i tvil om Boden kan halde fram i jobben. Brett og Chili finn ein medvitslaus mann i ein hage, og det viser seg at han kan ha noko...

  • trailer
    Episode 9 - Short and Fat
    Action, Drama, S4:E9

    Brannmannskapet er ikkje begeistra for at Patterson tar over medan Boden er oppteken med å reinvaske namnet sitt. Severide finn ut kor Serena kan vere, og politifolka Atwater og Ruzek drar til Lake Carlyle for å finne fleire spor i saka til Boden. Samstundes gjev Herrmann og Otis eit oppdrag til ...

  • trailer
    Episode 10 - The Beating Heart
    Action, Drama, S4:E10

    Ein i brannmannskapet blir livstruande skadd etter ei knivstikking, og dei andre ventar spente på nytt. Cruz må samarbeide med politiet då Freddie blir borte. Dr. Choi og dr. Halstead tar seg av ein sjølvmordskandidat, medan Mouch overraskar Trudy, og Chili oppfører seg så underleg at det uroar B...

  • trailer
    Episode 11 - The Path of Destruction
    Action, Drama, S4:E11

    Ein tornado truar Chicago, og Herrmann oppdagar at han kan kome til å ramme veldig nært. Chili gjer ein feil som går ut over eit offer, og Brett må rapportere hendinga til Boden. Otis ber Dawson hjelpe seg med kjærleiksproblema sine, medan Severide blir beden om å hjelpe sikkerheitsmyndigheitene.

  • trailer
    Episode 12 - Not Everyone Makes It
    Action, Drama, S4:E12

    Herrmann må i retten for å vitne mot Freddie. Men då faren til gjerningsmannen ber om orsaking, kjem Herrmann i tvil om kva han skal gjere. Ein tilfluktsstad for ofra etter tornadoen står i fare for å bli stengd. Casey går med på å støtte saka.

  • trailer
    Episode 13 - The Sky Is Falling
    Action, Drama, S4:E13

    Over heile Chicago blir det sett fram mystiske truslar, og brannmannskapet må vere på vakt. Plutseleg kjem det nytt om ei masseskyting, og dei er med eitt midt i ein farleg situasjon. Casey granskar saka med dei forsvunne pengane som vart samla inn til ofra etter tornadoen. Samstundes går Jimmy m...

  • Episode 14 - All Hard Parts
    Action, Drama, S4:E14

    Severide snakkar med Chili om måten ho har oppført seg på, men ho set ikkje pris på forsøka hans på å hjelpe. Brannfolka stiller seg bak Casey, som vil prøve seg i lokalpolitikken, medan Jimmy skal kjempe mot Antonio i bokseringen.

  • trailer
    Episode 15 - Bad for the Soul
    Action, Drama, S4:E15

    Stasjon 51 blir kalla ut til eit oppdrag for å hjelpe ein nabostasjon. Omstenda er uvanlege, og Severide og Cruz bestemmer seg for å undersøke saka nærare. Stella Kidd blir ønska velkomen som ny, men tilsettinga får konsekvensar internt.

  • Episode 16 - Two Ts
    Action, Drama, S4:E16

    Casey held fram valkampen, men blir utsett for propaganda som får han til å tenkje seg om. Det er tid for utdrikkingslag for Mouch, men det er broren til Trudy som har hand om det. Han er noko av ein nerd, og alle fryktar det verste.

  • Episode 17 - What Happened to Courtney
    Action, Drama, S4:E17

    Ein mogeleg gasslekkasje leier til funnet av leivningane av eit barn inne i ei pipe. Severide trur det kan ha noko å gjere med ei sak han arbeidde med for fleire år sidan. Det er snart valdag. Casey førebur seg på det verste.

  • Episode 18 - On The Warpath
    Action, Drama, S4:E18

    Sylvie Brett blir vitne til eit mord medan ho er ute på oppdrag. Ho blir trua til å ikkje melde det til politiet. Ho spør politimannen Antonio om råd om kva ho skal gjere. Det bryt ut brann inne i ein restaurant, og fleire menneske blir sperra inne.

  • Episode 19 - I Will Be Walking
    Action, Drama, S4:E19

    Ein skuleelev blir uskuldig offer under eit gjengoppgjør. Casey gjer alt han kan for å løyse saka. Severide må vere barnevakt for sonen til politietterforskaren Holloway, som arbeider med ein farleg dekkoperasjon.

  • Episode 20 - The Last One for Mom
    Action, Drama, S4:E20

    Severide må framleis ta vare på sonen til politietterforskar Holloway, medan mora vitnar i retten. Eit kunstgalleri blir råka av brann, og eit offer blir sperra inne. Cruz må ta ei rask avgjerd i kaoset som oppstår.

  • Episode 21 - Kind of a Crazy Idea
    Action, Drama, S4:E21

    Dawson reddar ein ung gut frå ein brann i ei leilegheit, og dei to får god kontakt. Kidds store planar for Molly's endar i katastrofe. Severide får ikkje gjennomslag for å skaffe nytt utstyr, men kanskje kan Casey bruke si politiske makt?

  • Episode 22 - Where the Collapse Started
    Action, Drama, S4:E22

    Ei bygning har rast saman, og meir enn eit dusin menneske er sperra inne i massane. Det er fare for total kollaps, og Boden står overfor vanskelege val som kan bety liv eller død for dei involverte. Dawson prøver å overta omsorga for Louie.

  • Episode 23 - Superhero
    Action, Drama, S4:E23

    Boden og Jimmy er ikkje heilt samde, medan Kidd blir tvungen til å takle eksen sin, Grant. Dawson får hjelp av resten av stasjonen då ho prøver å overta omsorga for Louie. Casey blir med på konferanse med den nye, politiske rådgjevaren sin.