Ricky Zoom

Ricky Zoom

Animert, Barneprogram • Kina • Frankrike • Storbritannia • 22 min

Ons 26. feb 07:15 - 07:30 • repriseNRK Super
Ricky Zoom er en liten rødt redningsmotorsykkel som kappkjører rundt racingbanen, og drar på eventyr sammen med vennene, Scootio, Loop og DJ.

Sesonger og episoder

Sesong 1
  • Sesong 1
  • Episode 1 - Ricky Zoom
    Animert, Barneprogram, S1:E1

    Motorsykkelgjengen Ricky, Scootio, Loop og DJ gleder seg til å sjå stuntshowet til Ståle Makalaus. På vegen dit punkterer Loop og det blir nervepirrande for gjengen, tenk om dei ikkje rekk showet! Britisk animasjonsserie.

    NRK TV
  • Episode 2 - Ricky Zoom
    Animert, Barneprogram, S1:E2

    Ricky, Loop, DJ og Scootio skal ta bergingsmerket og bli bergingssyklar som Frank og Helen. Midt i treninga dukkar det opp eit ekte bergingsoppdrag og gjengen utnyttar situasjonen til å vise kva dei kan. Britisk animasjonsserie.

    NRK TV
  • Episode 3 - Ricky Zoom
    Animert, Barneprogram, S1:E3

    Don mister ei eske, Loop tek på seg ansvaret for å finne den og sykkelgjengen hjelper til. Problemet er at Loop blir veldig lett distrahert til å leike seg i staden for å fullføre jobben. Dette blir ekstra vanskeleg når dei ser kva som er inni eska. Britisk animasjonsserie.

    NRK TV
  • Episode 4 - Ricky Zoom
    Animert, Barneprogram, S1:E4

    Ricky ventar på ei Ståle Makalaus bergingsleike i posten, men istaden får han den aller nyaste bergingsrampa, som eigentleg skulle til pappaen hans. Sykkelgjengen trur at bergingsrampa er ei leike, og sjønnar ikkje at ho er farleg å leike med. Britisk animasjonsserie.

    NRK TV
  • Episode 5 - Ricky Zoom
    Animert, Barneprogram, S1:E5

    Ricky skal slå fartsrekorden sin på racerbana. Balder er med og han passar på at alle reglane blir fylgde til punkt og prikke. Britisk animasjonsserie.

    NRK TV
  • Episode 6 - Ricky Zoom
    Animert, Barneprogram, S1:E6

    Ricky og gjengen skal opptre på Ståle-festen, men Ricky blir stressa då han oppdagar at framhjulet hans vinglar. Kan han opptre med eit vinglete hjul? Men når Tut treng hjelp i showet på ekte må Ricky legge uroa vekk og trå til - og det blir suksess. Britisk animasjonsserie.

    NRK TV
  • Episode 7 - Ricky Zoom
    Animert, Barneprogram, S1:E7

    Ricky og gjengen vil leike at dei har ein fjernkontroll som får folk til å gjere alt dei seier som Ståle Makalaus, og Tut latar som om det funkar for å få leike med dei. Men plutseleg blir leiken farleg, og Ricky må redde Tut på ekte. Britisk animasjonsserie.

    NRK TV
  • Episode 8 - Ricky Zoom
    Animert, Barneprogram, S1:E8

    Maxwell fortel gjengen om superhelten Hjul Svingstad, og gjengen vil prøve å finne ut kven det er. Jakta gjev dei eit veldig uventa svar. Britisk animasjonsserie.

    NRK TV
  • Episode 9 - Ricky Zoom
    Animert, Barneprogram, S1:E9

    Alle i klassa må velje seg ut ein rollemodell som dei skal prøve å likne på, men Ricky lagar berre rot i byen når han vil vere Ståle Makalaus. Men ved hjelp av pappa Frank ordnar det seg, og dermed finn Ricky ein ny rollemodell. Britisk animasjonsserie.

    NRK TV
  • Episode 10 - Ricky Zoom
    Animert, Barneprogram, S1:E10

    Ricky skal hjelpe Tut å lage ein drake, men han tek heilt av og lagar den draken han sjølv vil ha - utan å høyre på kva Tut vil. Britisk animasjonsserie.

    NRK TV
  • Episode 11 - Ricky Zoom
    Animert, Barneprogram, S1:E11

    Blipp drøymer om å setje rekord i kjapp pizzalevering, men han er frykteleg klønete. Sykkelgjengen vil hjelpe han med å øve, men Blipp trur ikkje han klarar det. Kan Ricky hjelpe han å få trua på seg sjølv? Britisk animasjonsserie.

    NRK TV
  • Episode 12 - Ricky Zoom
    Animert, Barneprogram, S1:E12

    Sykkelgjengen lagar film om heimbyen, og Ricky vil vere den store stjerna. Men veslesyster Tut stel showet, og då blir Ricky skuffa. Kan dei finne ein måte begge to kan stråle på? Britisk animasjonsserie.

    NRK TV
  • Episode 13 - Ricky Zoom
    Animert, Barneprogram, S1:E13

    Loop vil ta eit fint bilete som far hans kan ha med seg på jobb, men det er så vanskeleg å halde seg rein og fin. Ricky og gjengen må hjelpe han gjennom byen til den perfekte plassen å ta bilete, men det byr på både ei og to utfordringar. Britisk animasjonsserie.

    NRK TV
  • Episode 14 - Ricky Zoom
    Animert, Barneprogram, S1:E14

    Ricky lyg om at han har skifta hjul fordi han er redd for at det skal gjere vondt. Men når sykkelgjengen skal teste dei nye dekka i ein bratt bakke får Ricky trøbbel, og må reddast av venane. Kanskje eit dekkskift ikkje er så dumt likevel? Britisk animasjonsserie.

    NRK TV
  • Episode 15 - Ricky Zoom
    Animert, Barneprogram, S1:E15

    Scootio vil gjerne hjelpe foreldra med å måle linjer på vegen, og får til slutt fikse racerbana med hjelp av sykkelgjengen. Men eit uhell skjer på den vanlege vegen, og dei lagar fullt trafikkaos. Klarar sykkelgjengen å ordne opp? Britisk animasjonsserie.

    NRK TV
  • Episode 16 - Ricky Zoom
    Animert, Barneprogram, S1:E16

    Sykkelgjengen skal bygge ein flåte til paraden, men han er frykteleg tung. DJ er sterk, men trur ikkje han klarar det. Men etter han blir lyst på av ultra-mega-strålen til Ståle Makalaus får han kanskje superkrefter likevel. Britisk animasjonsserie.

    NRK TV
  • Episode 17 - Ricky Zoom
    Animert, Barneprogram, S1:E17

    Sykkelgjengen lånar magneten til Maxvell for å plukke skrapmetall, men dei blir for ivrige og trykker på litt for mange knappar. Magneten går bananas! Kan Ricky og gjengen ordne opp før det blir heilt kaos? Britisk animasjonsserie.

    NRK TV
  • Episode 18 - Ricky Zoom
    Animert, Barneprogram, S1:E18

    Sykkelgjengen skal grave ned ein tidskapsel, men Ricky angrar på at han la ballen Hoppe nedi og vil grave han opp att. Men Loop hugsar ikkje kor han har gravd han ned, og ei vill jakt etter kapselen byrjar. Britisk animasjonsserie.

    NRK TV
  • Episode 19 - Ricky Zoom
    Animert, Barneprogram, S1:E19

    Det er Hjuloween, og gjengen skal gå knask eller knep. Men ein skummel spøkelsessykkel stel snopet til Loop, og då er jakta i gang. Britisk animasjonsserie.

    NRK TV
  • Episode 20 - Ricky Zoom
    Animert, Barneprogram, S1:E20

    Dronen til Scootio blir øydelagd og stikk på tur åleine. Maxvell trur det er eit romskip og lagar veldig ståhei, og sykkelgjengen må på romvesenjakt. Britisk animasjonsserie.

    NRK TV
  • Episode 21 - Ricky Zoom
    Animert, Barneprogram, S1:E21

    Kraftig vind øydelegg satelittane på Frontrutetoppen, og alle dingsar sluttar å funke. Scootio kan ikkje leve sånn og blir kjempestressa. Gjengen dreg opp til tårnet for å sjå om dei kan reparere parabolen og gjere Scootio glad igjen. Britisk animasjonsserie.

    NRK TV
  • Episode 22 - Ricky Zoom
    Animert, Barneprogram, S1:E22

    Sykkelgjengen er med politi Brems på jobb. Ricky tykkjer det er keisamt og lengtar etter meir fare, men det viser seg at sjølv skeive skilt kan by på store problem som må løysast av modig junior-politi. Britisk animasjonsserie.

    NRK TV
  • Episode 23 - Ricky Zoom
    Animert, Barneprogram, S1:E23

    Scootio skal hjelpe foreldra med å lage til lysshow i byen, men tek saken i eigne hjul og lagar ei super-lyspære. Men pæra forsvinn, og dei får ikkje sett henne på plass i tide. Må showet avlysast, eller kan sykkelgjengen løyse problemet? Britisk animasjonsserie.

    NRK TV
  • Episode 24 - Ricky Zoom
    Animert, Barneprogram, S1:E24

    Sykkelnissen kræsjlandar i Svingstad med tom bensintank, og sykkelgjengen vil hjelpe han med å kome seg avstad så han får levert pakkane til alle småsyklane som ventar. Britisk animasjonsserie.

    NRK TV
  • Episode 25 - Ricky Zoom
    Animert, Barneprogram, S1:E25

    Svingstad har fått ei ny sykkelkule, og sykkelgjengen vil teste den. Ricky lovar å hjelpe DJ å klargjere byggeplassen for kula, men takka vere Loop losnar kula og dreg på ei vill ferd gjennom byen - med Ricky inni. Kan sykkelgjengen få kula på rett plass til slutt? Britisk animasjonsserie.

    NRK TV
  • Episode 26 - Ricky Zoom
    Animert, Barneprogram, S1:E26

    Ricky får besøk av søskenbarnet sitt, Rulle. Han er rask og kul, og Ricky tøffar seg for å vise at han kan vere minst like bra. Britisk animasjonsserie.

    NRK TV
  • Episode 27 - Ricky Zoom
    Animert, Barneprogram, S1:E27

    Ricky trur ikkje han kjem til å greie det store hoppet han skal gjere på skuleframsyninga, og bestemmer seg for å jukse. Heldigvis har han venar som minner han på at positiv tenking er alt ein treng for å lykkast! Britisk animasjonsserie.

    NRK TV
  • Episode 28 - Ricky Zoom
    Animert, Barneprogram, S1:E28

    DJ kan ikkje leike på det nye stativet fordi ho har eit ekstra hjul. Resten av sykkelgjengen vil ikkje leike utan ho, så dei bestemmer seg for å byggje om leikestativet. Britisk animasjonsserie.

    NRK TV
  • Episode 29 - Ricky Zoom
    Animert, Barneprogram, S1:E29

    Ricky må passe på Tut i fornøyelsesparken, men ho er fast bestemt på å ta baner for større syklar. Britisk animasjonsserie.

    NRK TV
  • Episode 30 - Ricky Zoom
    Animert, Barneprogram, S1:E30

    Ricky har det så gøy med den kule fetteren sin, Rulle, at han med eit uhell stenger ute Tut og resten av venane. Ricky lærer seg at det å vere kul ikkje er like viktig som å inkludere alle i moroa! Britisk animasjonsserie.

    NRK TV
  • Episode 31 - Ricky Zoom
    Animert, Barneprogram, S1:E31

    Mødrene til Ricky og Scootio blir litt for ivrige på aktivitetsdagen. Det blir opp til barna å lære foreldra sine om god sportsånd. Britisk animasjonsserie.

    NRK TV
  • Episode 32 - Ricky Zoom
    Animert, Barneprogram, S1:E32

    Brems tek seg ein fridag, og Don tek over jobben som byens politimann. Frank steppar inn for Don som postmann. Det blir mykje kaos, og sykkelgjengen gjer alt dei kan for å hjelpe. Britisk animasjonsserie.

    NRK TV
  • Episode 33 - Ricky Zoom
    Animert, Barneprogram, S1:E33

    Tut mistar favorittleika si i fornøyelsesparken, og Ricky prøvar så godt han kan å redde herr Rask. Britisk animasjonsserie.

    NRK TV
  • Episode 34 - Ricky Zoom
    Animert, Barneprogram, S1:E34

    Medan Ricky og sykkelgjengen lagar bursdagsselskap til Maxvell, er det nokon som saboterar for dei og lagar mykje styr! Først trur dei at Tut står bak, men det viser seg å vere nokon andre... Britisk animasjonsserie.

    NRK TV
  • Episode 35 - Ricky Zoom
    Animert, Barneprogram, S1:E35

    Ricky og Loop konkurrerar om kven som skal bli den nye trafikkvaktaren. Ricky vert misunneleg når Loop vinn. Britisk animasjonsserie.

    NRK TV
  • Episode 36 - Ricky Zoom
    Animert, Barneprogram, S1:E36

    Blipp har med seg sykkelgjengen på påskeeggjakt, men scootbotane stikk av med det største egget! Britisk animasjonsserie.

    NRK TV
  • Episode 37 - Ricky Zoom
    Animert, Barneprogram, S1:E37

    Brems gir sykkelgjengen ansvaret for å patruljere sykkelparken på Svingstad-messa. I starten tek dei oppgåva på alvor, men etter ei stund blir dei lei av alle reglane. Til slutt mistar dei kontrollen fullstendig.. Britisk animasjonsserie.

    NRK TV
  • Episode 38 - Ricky Zoom
    Animert, Barneprogram, S1:E38

    Sykkelgjengen spanar på Solbjørg for å finne ut kvifor ho er så trøytt. Dei oppdagar at ho har sykla i søvne. Britisk animasjonsserie.

    NRK TV
  • Episode 39 - Ricky Zoom
    Animert, Barneprogram, S1:E39

    Ricky og Loop klarer å øydeleggje dingsen som Scootio og DJ har laga til messa. Dei prøvar å fikse den for å unngå å bli avslørt! Britisk animasjonsserie.

    NRK TV