Dokumentar

Der ingen skulle tru at nokon kunne bu

Norge • Sesong 17, Episode 1

Tir 04. aug 14:00 - 14:50 • repriseNRK1
For andre gong i livet sitt har barndomskompisane Reidar Sørensen og Frank Marstokk rømt frå alt og alle, denne gongen til ein isolert fyrstasjon i Lofoten. Men då Frank får kreft, blir det nye livet sett på prøve.

Medvirkende

Sesonger og episoder

Sesong 17
  • Sesong 1
  • Sesong 2
  • Sesong 3
  • Sesong 4
  • Sesong 5
  • Sesong 6
  • Sesong 7
  • Sesong 8
  • Sesong 9
  • Sesong 10
  • Sesong 11
  • Sesong 12
  • Sesong 13
  • Sesong 14
  • Sesong 15
  • Sesong 16
  • Sesong 17
  • Episode 1 - Skrova Fyr
    Dokumentar, S17:E1

    For andre gong i livet sitt har barndomskompisane Reidar Sørensen og Frank Marstokk rømt frå alt og alle, denne gongen til ein isolert fyrstasjon i Lofoten. Men då Frank får kreft, blir det nye livet sett på prøve.

  • Episode 2 - Blefjell
    Dokumentar, S17:E2

    Marit Karlsen var bykvinne på sin hals, men då bustadmarknaden i Oslo blei for brutal måtte ho snu på flisa. Slik enda ho på ei veglaus, vasslaus og straumlaus hytte. Midt i skogen og utan naboar må ho lære å klare seg sjølv.

  • Episode 3 - Embertsæter
    Dokumentar, S17:E3

    Eitt år i telt på Svalbard var akkurat det Samuel og Pernille trengte for å klare neste steg i livet sitt: Det fråflytta finnetorpet Embretsæter som hadde stått til nedfalls i 40 år. Men ein ting er å leve eit nybyggjarliv i skogen når dei er to. Noko anna blir det når dei får barn og får andre k...

  • Episode 4 - Nautøyna
    Dokumentar, S17:E4

    Jon Kvalvik er Noregs vestlegaste innbyggjar, medan naboen Johanne er nest vestlegast. Langt ute i havgapet har fiskeoppkjøparen og den pensjonerte lærarinna utvikla eit venskap som gjer at dei kan klara seg heilt i ytterkanten av norgeskartet.

  • Episode 5 - Annsteinsundet
    Dokumentar, S17:E5

    Det vêrharde Annsteinsundet er ingen stad for sjuke folk, men det bryr ikkje Roger Eidshaug seg om. For der hjartet er svakt, er viljen desto sterkare. Han har endåtil skapt seg eit levebrød på ein stad ingen trudde det var mogleg.

  • Episode 6 - Mollešjohka
    Dokumentar, S17:E6

    Få om nokon i Noreg bur så øde som Per Edvard Johnsen. Han er ein av dei siste som lever nesten utelukkande av det Finnmarksvidda gir han av fisk, rein og molter. Likevel leitar han framleis etter den samiske kulturarva si, den som vart teken frå han ved dåpen.

  • Episode 7 - Julespesial 2019
    Dokumentar, S17:E7

    Tor Evert Johansen har teke på seg ei nærast umogleg oppgåve. Høgdegarden Øvre Brekkebakkadn har stått fråflytt i fleire tiår og er rekna som ubebueleg. Her skal han byggje framtida si, men i første omgang drøymer han berre om eitt varmt og musefritt rom innan jul. Det kan bli vanskeleg nok.

  • Episode 8 - Julehelsing 2019
    Dokumentar, S17:E8

    Julehelsinga frå Der ingen skulle tru at nokon kunne bu.