Fransk animasjon. Under stjernene. Margeritt drøymer om å overnatte ute, men det er vanskeleg å få til for ei dronning. Kanskje Lukas og Apollo kan assistere?
Fransk animasjon. Ballet. Marit vil gjerne delta på eldflugeballet, men vågar ikkje å klatre til topps i solsikka der festen skal vere. Apollo og Betty og dei andre vil hjelpe henne så ho får oppfylt sin store draum.
Fransk animasjon. Birger sin draum. Kva tyder draumen Birger har heile tida? Det er umogleg å finne ut, for humla vaknar alltid før slutten. Og jo meir han prøver å sove, jo vanskelegare er det! Apollo og Betty skal gjere sitt beste med å hjelpe han sove.
Fransk animasjon. Bomstasjon. Det er fæl vind, så biene må frakte pollen over eigedommen til Sfinx. Han bestemmer seg for å ta bompengar fordi dei bråkar sånn, og då må Apollo og Birger finne på noko lurt.