Ein framand som kjem til Aidensfield blir innblanda i ei bilulykke, og det kjem for ein dag at han har levd eit kriminelt liv. Sjukepleiaren Carol Cassidy får problem med ektemannen til ei alvorleg sjuk kvinne.
Sinna kjem i kok i Aidensfield då ein dømd valdtektsmann vender tilbake til byen. Rob vert overraska av ei tidlegare venninne, og ein gammal venn treng hjelp av Peggy for å kome seg på føtene att.
Det er mistanke om at ein russisk spion er på ferde, og Ashfordly-politiet får mellom anna hjelp frå den britiske etterretningstenesta til å gripe mannen. Peggy trur ho er på sporet av eit mord og ber David om hjelp.
Bilen til Peggy vert stolen - med Deefer i bagasjerommet. Rosie vert oppvarta av ein kar, men ho likar han ikkje. Diverre for Rosie er han av dei som ikkje tek nei for eit nei. Gina overtalar Phil til å kome fram med kjenslene sine.
Ein tjuv vert skoten av ein dekorert krigshelt, men under etterforskinga dukkar det opp ein løyndom frå fortida. Bernie har pengeproblem med verkstaden, noko som uroar Rosie, men Peggy veit råd. Carol Cassidy må ta seg av ei gravid tenåringsjente.
Ei lokal skjønnheitsdronning får eit trugsmål mot seg. Peggy er ute med fleire pek - denne gongen gjeld det bookmakarane. Politikonstabelen Geoff Younger endrar haldninga si og vert strengare i tenesta.
Det er den årlege cricketkampen mellom Aidensfield og Scarsdale, og medan teamet i Aidensfield tenkjer strategi, er Scarsdale opptekne av korleis dei kan øydeleggje Aidensfield sine vinnersjansar. Ein farleg gjengleiar held Rob fanga.
Ein ung gut er på rømmen på heiane, og folk i Aidensfield er urolege for kva som kan hende han. Phil og Gina har romantiske planar for Rob, medan Peggy og David har økonomiske problem. Ashfordly politistasjon har eit leitt åtak frå skadedyr.
Innbyggjarane i Aidensfield ynskjer å arrangere ei blomsterutstilling, men kan ikkje bli samde om korleis. Plutseleg høyrest eit skot, og systera til Joyce Jowett, den tekkelege Sally, vert råka. Kan skotet ha vore meint for ein annan?
Jo Miller og kjærasten, Greg Parsons, kjem til Aidensfield for å organisere ein demonstrasjon for fred. Men demonstrasjonen går ikkje fredeleg for seg.
Faren til den svenske seglaren Larson er død. Han ynska å bli gravlagt på havet. Men medan dei venter på skipet som skal ta kista ut på sjøen, oppdagar David eit pustehol i kistelokket.
Blaketon vert angripen på Aidensfield Arms då han hjelper ein kvinneleg gjest på jakt etter sonen sin. Det er Peggys fødselsdag, men ho går på stemnemøte med ein gammal flamme i staden for å møte David.
Bernie trur han er i ferd med å arve ein god slump pengar då ein uventa person dukkar opp og vil ha sin del. Ein rasande far oppdagar at dottera hans har fått barn utan at han har visst noko om det. Folk i Aidensfield ventar spent på nytt om Bellamy.
Rob Walker og Carol Cassidy har mistanke om at ei kvinne vert mishandla, men det er vanskeleg å få henne til å vedgå det. Nokre ungar lurer Younger medan Phil og Gina har gode nyhende.
Ein radiojournalist kjem på vitjing til Aidensfield og får god oppvarting, sidan alle gjerne vil komme på radio. Gina har det travelt før bryllaupet, og ansvaret for Aidensfield Arms tyngjer henne.
Gina er travelt oppteken før bryllaupet med Phil og tilset ein vikar, men det oppstår forviklingar da eit smykke forsvinn frå Aidensfield Arms.
Jim Brady har komme attende frå Afrika. Det er mange som gjerne vil gje han ein lærepenge. Men vil dei gå så langt at dei skyt mot han?
Bryllaupsdagen til Gina og Phil nærmar seg og heile byen er engasjert. Lord Ashfordly har lova bryllaupsfest i Ashfordly Hall, og alt ligg vel til rette. Kan noko gå gale?
Ein privatdetektiv, Peter Barton, blir funne drepen. Walker må avlyse stemnemøtet med Cassidy for å etterforske saka. Kan dødsfallet vere eit resultat av Bartons nysgjerrige nase?
Bellamy køyrer nesten over ein fyllik. Mannen er skikka for glattcella, men Miller lar det vere. Fyllefanten er nemleg far til Younger.
Innbyggjarane i Aidensfield samler seg for å sjå månelandinga på tv. Peggy Armstrong hevdar at landinga er ein bløff og at ho har bevis. Og om nokon veit alt om ein bløff, er det Peggy.
Emily Merryweather har nyleg vorte enkje for andre gong. Sist gong gifta ho seg att etter berre tre månader, og no verkar det som ho tek sikte på å bli fru Bernie Scripps.
David les ein artikkel om Hugh Hefner i eit magasin nokon gløymde i taxien. Han bestemmer seg for å få seg ein kåk som Hefner, noko Peggy ikkje likar i det heile tatt.
Frances Elliott har nettopp kome til Aidensfield og held seg mykje for seg sjølv. Difor er ho ikkje særleg populær hos naboane. Joyce Jowett mistenkjer henne for å skjule ein baby.