Geirr Vetti kallar seg husdokter. Ungkaren elskar gamle hus, og etter at han fekk ta over ein falleferdig fjellhyllegard i Luster i Sogn, har han fått nok å gjere. Mange av husa byggjer han opp att i stein, og til å bere fram all steinen han treng, har han fått hjelp av to sherpaer frå Nepal. Mål...
Ivanir Hasson, halvt norsk, halvt jødisk, levde eit omflakkande liv til ho fall til ro på ein aude fjellgard i Tinn i Telemark. Ein dag trefte ho Carl Olsen, ein gateklovn frå New Zealand. Dei gifte seg i ei klosterkyrkje ved Tinnsjøen, og han flytte inn på småbruket hennar. Men mykje av året rei...
Det vesle klyngjetunet på Indre Fure ligg vendt ut mot opne Stadhavet. Her har sju menneske klora seg fast, og dei er blitt verande, trass storstorm og storbåre, trass bratte bakkar og vanskelege vegar. Dei fortel om eit liv i slit, om kampen for føda og kampen mot naturkreftene og samfunnsutvikl...
Skåro er ein einsleg, veglaus gard høgt over Fyksesund i Hordaland. Her lever ein mann att åleine, den meir enn 80 år gamle Jon J. Skaar. Og han har tenkt å bli, sjølv om stigen ned til fjorden ikkje er farande vintersdag, og sjølv den milelange fjordarmen iblant frys til, slik at mannen er fulls...
Fysioterapeuten Sisco og datamannen Karl Viggo Waldersløv fekk nok av kø og stress i hovudstaden. Dei selde alt dei åtte og slo seg ned på ein einsleg, brattlendt gard i Vågå. Og her nyt dei livet i fulle drag. Fysioterapeuten tek likevel imot folk som har godt av massasje og varme bad, og datama...
Nyksund var eit av dei store fiskeværa i Vesterålen, men då båtane vart større, vart hamna for lita, og folket flytte. Ein dag stod husa att i forfall. Men for nokre år sidan vart staden oppdaga på nytt. Særleg kjende unge kunstnarkvinner seg tiltrekte av utposten ved storhavet. Jentene i Nyksund...