Ein tragedie rammar stasjon 51 i den fyrste episoden av serien om brannmannskapa i Chicago. Ein av kollegaene er omkomen, og mange er urolege etter hendinga. Casey som er sjef på bilen, ryk i tottane på Severide i redningsgruppa.
Mannskapa på brannstasjonen strevar framleis etter at Darden omkom. Severide er plaga med skuldkjensle, særleg fordi enka meiner han var den ansvarlege for det som skjedde. Alarmen går, to ungdomar sit fast i ein bil.
Casey føler at han blir pressa til å skjule at det var sonen til ein politimann som køyrde på og skada ein tenåring.
Eit varemagasin står i brann. Chief Boden gir mannskapa ordre om å evakuere bygningen, men er det rett ordre til rett tid? Severide er ein heilt annan stad for å hjelpe ei gamal kvinne som har fått problem med naboane.
Voight held fram med å trakassere Casey, som bestemmer seg for å vere sterk og ikkje vike. Dawson har ikkje oppført seg som ho skal på jobben, og det kan få konsekvensar.
Ein bustadblokk står i full fyr. Brannen kjem ut av kontroll og krev mykje av mannskapa. Casey gjer alt han kan med fare for eige liv, utan å nøle.
Thanksgiving-helga blir svært travel for brannmannskapa. Alle må å teste seg for rusmidlar.
Ei togulukke får Mills til å tvile på om han vil halde fram med å vere brannmann.
Etter å ha blitt alvorleg skada i ein frykteleg brann i ein bilverkstad, må Jose Vargas akseptere at han ikkje lenger kan jobbe som brannmann.
Det brenn på kjøkkenet i ein stor villa, og brannmennene får sløkt brannen. Så blir seks av mannskapet skulda for å ha stole eit diamantsmykke frå huset.
Cruz strevar med skuldkjensle etter at Flaco er død, og går til Casey for å lette hjartet sitt.
Severide tek konsekvensane av at han er skada, og står overfor ei usikker framtid.
Chief Boden må ta affære når ein mann døyr i ein brann som er starta av ein tenåring han har prøvd å hjelpe.
Konfliktnivået stig når Severide treffer ein gamal kjenning. Casey har familieproblem, og Dawson trur seg til Shay.
Dawson kjem i fare når ho prøver å hjelpe bror sin, mens Casey og mor hans strevar med forholdet sitt.
Cruz er uroleg på grunn av fortida, og utset seg sjølv og dei andre brannfolka for fare.
Gamle konfliktar kjem til overflata når Chief Boden treffer på faren til Severide.
Mills pressar på for å få vite kva som eigentleg skjedde då far hans døydde i ein brann.
Eit mislukka forsøk på å redde folk frå ei brennande bustadblokk set ein støkk i brannmannskapa.
En kandidat for ambulansepersonellet jobber sammen med Shay og Dawson. Cindy opplever graviditetskomplikasjoner mens mannen hennes er bortreist og Casey får et uventet besøk.
Dawson skylder Voight en tjeneste. Casey faller tilbake i gamle vaner i sitt personlige liv. Herman og Otis kjøper opp en nabobar.
Severide må få løyst eit vanskeleg dilemma, og finn ein uventa alliert.
Teamet prøver å håndtere Hallie's død, og Boden kunngjør at hennes død fortsatt etterforskes. Casey møter Chicago Police Department for å få gang på etterforskningen.
Mannskapa må rykke ut til eit fengsel der dei hamnar oppi ein svært vanskeleg situasjon.