Barneprogram, Dokumentar

Bli med heim

2018 • Norge • Sesong 2, Episode 7

Tir 23. feb 17:15 - 17:30 • repriseNRK1
Pappaen til Sarah Elise er styrmann, og når pappa reiser på jobb får ho klump i magen og gruar seg, for han blir så lenge vekke! Sarah Elise synes vekene går veldig sakte mens ho ventar på at han skal komme heim igjen.

Sesonger og episoder

Sesong 2
  • Sesong 1
  • Sesong 2
  • Sesong 3
  • Sesong 4
Sesong 2
  • Episode 1 - Bli med heim
    Barneprogram, Dokumentar, S2:E1

    Gabriella synest ho har verdas beste storesyster, ho heiter Aleksandra og har Downs Syndrom. Ho lærer ting saktare enn Gabriella, men ho er også flink til mykje. Ho kan ri på hest og gå i spagaten, og ho har eit stor hjarte.

    NRK TV
  • Episode 2 - Bli med heim
    Barneprogram, Dokumentar, S2:E2

    Erica er trilling, som betyr at ho blei fødd samtidig som syster og bror sin. Ho er alltid saman med søskena sine, av og til er dei bestevenner og av og til er dei uvenner og slåst!

    NRK TV
  • Episode 3 - Bli med heim
    Barneprogram, Dokumentar, S2:E3

    Familien til Ask bur i same huset som morfar og mormor. Morfar har ein sjukdom, og Ask synast det er urettferdig at bestefaren aldri blir frisk igjen. Når Ask er sjuk blir han frisk etter nokre dagar, men morfar blir aldri frisk av sjukdommen.

    NRK TV
  • Episode 4 - Bli med heim
    Barneprogram, Dokumentar, S2:E4

    Andrea bur hos tante og onkel. Dei har blitt Andrea sin nye mamma og pappa, og det synest Andrea er bra, for då Andrea var seks år gammal døydde mamma av kreft. No kallar ho tante for mamma og onkel for pappa.

    NRK TV
  • Episode 5 - Bli med heim
    Barneprogram, Dokumentar, S2:E5

    Thelma har budd på ei lita øy så lenge ho kan hugse og ho synes det er ein fin stad. Av og til saknar ho nokon å leike med som er like gammal og no skal familien flytte til ein større stad. Det syns Thelma blir både trist og kjekt på ein gong.

    NRK TV
  • Episode 6 - Bli med heim
    Barneprogram, Dokumentar, S2:E6

    Mohaned er muslim, noko som betyr at han trur på ein annan gud enn dei fleste av skulekameratane. Ein gong i året er det Ramadan, og då et foreldra berre om natta. Dei feirar ikkje jul, men noko som heiter ID, og Mohaned gler seg til feiringa med mat og gåver.

    NRK TV
  • Episode 7 - Bli med heim
    Barneprogram, Dokumentar, S2:E7

    Pappaen til Sarah Elise er styrmann, og når pappa reiser på jobb får ho klump i magen og gruar seg, for han blir så lenge vekke! Sarah Elise synes vekene går veldig sakte mens ho ventar på at han skal komme heim igjen.

    NRK TV
  • Episode 8 - Bli med heim
    Barneprogram, Dokumentar, S2:E8

    Kvar sommar er Hallvard vikinggut, og då flyttar familien hans til ein vikingby som viser turistar korleis kvardagen til vikingane var. Om han vil bruke moderne ting, som mobiltelefon, må han gøyme seg i senga så ingen kan sjå det.

    NRK TV