Bente Getz tok over eit lite, veglaust småbruk som lenge hadde lege brakk i Samnanger. Ho skaffa seg mjølkesauer og begynte å yste saueost, ho laga sitt eige bakeri, og ho selde ugras som salat til finare restaurantar i Bergen.
Sjukepleiarparet Stine og Per-Sverre Engdal er glade i friluftsliv, og dei har kjøpt ein liten fjellgard i Hattfjelldal. Dei ville kombinere jordbruk med grøn omsorg. Men det fjerde barnet dei fekk, var multihandikappa. Då la dei om planane, vart fosterforeldre og tok til seg to born til.
Terjer Hidle tok over garden på Nord-Hidle i Boknafjorden og driv sauehald og juletreproduksjon. Ein sjeldan sauerase held juletremarkene hennar fri for ugras. Mannen Erling byggjer opp ein helseklinikk basert på mat som ikkje er steikt eller koka.
For 30 år sidan kom Gaby frå Færøyane og Rupert frå Tyskland til Tinn med hest og prærievogn. Sidan har dei drive det brattlendte småbruket Skifterud utan mekaniserte hjelpemiddel, og målet er å vere sjølvforsynt.
Katrine og Bjarne bur på den einslege garden Høttmon i Meråker, og dei har teke namn etter garden. Katrine er musikar, dei to borna ho har, går i fotefara til mora. Bjarne er sauebonde, men tykkjer bjørnen og jerven er blitt for nærgåande.
Den danske presten Erik Rostbøll har saman med fru Kirsten bygd hus og heim på ei gammal seter i Valdres. Erik vart prest endå han ikkje har studert teologi, og endå han har vore skild to gonger - frå to søstrer. Oppe i tunet har dei bygd kyrkje, etter at Kirsten fekk ei openberring om å gjere det.