Det er lovløyse tilstandar i Aidensfield etter at PC Walker forsvann, og sjølv tante Peggy er bekymra for utviklinga. Men Miller veit råd, og snart er ein ny politimann på plass, til glede for nokon og bekymring for andre.
PC Mason får testa sine evner som politimann då nokon stel tolv shilling frå kyrkja, og eit fotografi forsvinn frå Ashfordly Hall. David Stockwell bestemmer seg for å skrive eit testamente, noko som kanskje ikkje er ein god idé likevel.
Maskerte ranarar stoppar eit tog like utanfor Aidensfield og kjem seg unna med store verdiar. Togføraren blir skoten og drepen då han forsøkjer å stanse dei. Ein tidlegare kollega av PC Mason kjem til byen for å leie etterforskinga, og dei to politimennene er ikkje alltid like samde om korleis de...
Tre pøblar frå Australia skapar trøbbel for fleire av innbyggjarane i Aidensfield. Pastor Jamie Finn dukkar opp for å hente motorsykkelen sin, men mest for å sjå Rosie igjen. Tante Peggy har lite pengar og får ein idé.
Eit dødsfall og ei kidnapping pregar byen. Og det er meir ved ein gammal Rolls Royce enn det som møter auget. Tante Peggy vert skulda for å spreie bilete av nakne folk, men kan det verkeleg vere sant?
Tida er inne for PC Mason til å reise frå Aidensfield, men han er ikkje lenger så sikker på at han ynskjer det. Syster Cassidy har mistanke om at unge Jimmy Masters har problem i heimen, og på puben organiserar Gina og Oscar Blaketon ein quiz.
Joe og Rachel etterforskar dødsfallet til ein lærar frå byen, og samstundes vert Phil Bellamy gravlagt.
Ein gjest skapar trøbbel for Wetherby, medan Oscar og Ventress jobbar med ei privatdetektivsak og finn ut at dei står i fare for å bli avslørte.
Nokon målar eit marekors på kyrkjedøra i Eltering, og nokre dagar seinare blir gravstøttene velta og spraya med rød maling. Doktor Oakley inviterer nokre kolleger til middag, og Gina lagar maten.
Derek Gorman har mista førarkortet etter promillekøyring, men meiner politiet har lurt han og vil hevne seg på Miller. Dagen etter bryt nokon seg inn og gjer hærverk på politistasjonen. Og ein politibil vert stolen rett foran auga på PC Younger.
Nokon øydelegg kontoret til Gordon Radford, og det er mange personar som kan mistenkjast. Radford var ikkje på god fot med nokon, og sjølv trur han det er erkefienden lord Ashfordly som står bak ugjerninga.
Den 17 år gamle dottera til ekteparet Middleton forsvinn, og foreldra trur at den amerikanske kjærasten hennar har noko med det å gjera. Nokon stel bronseskulpturar, og David finn fram ein gamal metalldetektor for å gå på skattejakt.
Nokon bryt seg inn i hytta til John Harper og stel pengane til den gamle, blinde mannen. Mistanken går til Albert Ross, det er ikkje anna enn trøbbel med den mannen.
Politibetjent Younger er nær ved å bli påkøyrd då bremsane til ekteparet Knight sviktar. Og medan dette skjer, bryt nokon seg inn i huset deira og målar hakekors og nazistiske slagord på veggene.
Legane Carol og Chris er ueinige om kva råd ei gravid tenåringsjente bør få, og pelsmotstandaren Sue Padgett kjem i vanskar då kjærasten hennar startar ein brann.
Ein ung ballettdansar kollapsar i Aidensfield, og dette utviklar seg til ei sak som Joe og Carol må jobbe med saman. Det er romantikk i lufta for Geoff, men den tar ei uventa retning.
Folk i Aidensfield er forarga over eit par som stadig let dei to små barna sine vere åleine heime medan dei sjølve sit på puben og drikk. Ein ny person kjem til småbyen og lagar bry for Gina.
Ein person som blir utsett for ei bilulykke viser seg å ha kontakt med kriminelle miljø. Kvifor kom han til Aidensfield? Peggy prøver å bli kvitt nokre geiter som er vrange å mjølke, utan å innsjå kor mykje dei er verdt.
Eit parti med narkotika blir oppdaga av Rachel og Joe, men Gina utset seg for fare då ho blir ven med ein av dei som var innblanda. I mellomtida finn Peggy ein ny måte å tene pengar på.
Joe syner Geoff korleis han skal ta kontroll over eit opprør hos veddelaupsagenten, medan Peggy vil oppmuntre David til å delta på ei samling på skulen.
Ein eksplosjon i skogen skapar rykte om ein meteoritt frå verdsrommet, men politiet mistenkjer at høgst jordiske, kriminelle aktivitetar, står bak.
Ein tidlegare pop-manager vil feire bryllaupet sitt på Aidensfield Arms, men så hender noko frykteleg. Peggy blir teke med tjuvegods, og plutseleg minnest ho ingenting.
Carol ber Joe om hjelp då det blir reist mistanke rundt eit uventa dødsfall. Peggy oppdagar ein haug med skrot i bakgarden som ikkje tilhøyrer ho, og Gina nærmar seg slutten på svangerskapen.
To nykomlingar i Aidensfield skapar problem for Joe Mason. Mellombels førebur innbyggjarane seg til fest, David lærer å spele piano, og ein fødsel er i gang.
Nokon har kidnappa, Cheryl, dottera til Miller, og trugar med å drepe ho om ikkje Miller gjer som dei ønskjer. Det er duka for ny dramatikk i Aidensfield! Med William Simons, Peter Benson, John Duttine, Derek Fowlds, David Lonsdale, Tricia Penrose, Joe McFadden og Gwen Taylor.