Barneprogram, Dokumentar

Bli med heim

Norge • Sesong 1, Episode 6

Tir 09. mar 18:20 - 18:35 • repriseNRK Super
Leah har ein morfar som er sirkusdirektør og ei mor som har sirkusskule. Leah har øvd i mange år for å bli luftakrobat, og no skal ho endeleg få lov til å opptre i morfars sirkus!

Sesonger og episoder

Sesong 1
  • Sesong 1
  • Sesong 2
  • Sesong 3
  • Sesong 4
Sesong 1
  • Episode 6 - Bli med heim
    Barneprogram, Dokumentar, S1:E6

    Leah har ein morfar som er sirkusdirektør og ei mor som har sirkusskule. Leah har øvd i mange år for å bli luftakrobat, og no skal ho endeleg få lov til å opptre i morfars sirkus!

    NRK TV
  • Episode 7 - Bli med heim
    Barneprogram, Dokumentar, S1:E7

    Theptida har nettopp fått ein ny familie i Norge. Ho har budd heile livet sitt i Thailand utan mor eller far, men no er ho adoptert. Det betyr at ho har fått ein ny mamma, pappa og storesøster i Norge.

    NRK TV
  • Episode 8 - Bli med heim
    Barneprogram, Dokumentar, S1:E8

    Victoria sin mamma er blind, men sjølv om ho ikkje kan sjå klarar ho mykje sjølv. Victoria synes det er trist at mamma aldri har sett henne, men mamma føler seg fram med fingrane og kan kjenne at Victoria har fletter i håret og har mista ei tann.

    NRK TV
  • Episode 9 - Bli med heim
    Barneprogram, Dokumentar, S1:E9

    Tuva bur i ein familie som vil bli flinkare til å passe på naturen. Tuva er redd for at jorda skal bli ødelagt og derfor har ho fått med seg familien til å rydde fjøra for boss. Der finn dei utruleg mykje rot og skrot!

    NRK TV
  • Episode 1 - Bli med heim
    Barneprogram, Dokumentar, S1:E1

    Norsk dokumentarserie. Peter Olai bur ei veke hos mamma og ei veke hos pappa. Kvar gong han skal byte synes han det er både litt trist og litt bra. Når han for eksempel skal skifte frå mammaveke til pappaveke, er det trist å seie hadet til mamma, men fint at han skal sjå igjen pappa!

    NRK TV
  • Episode 2 - Bli med heim
    Barneprogram, Dokumentar, S1:E2

    Norsk dokumentarserie. Anna har to mammaer og ingen pappa. Ho skulle ønske ho hadde ein pappa, fordi det har nesten alle vennene ho kjenner. Men Anna er kjempeglad i begge mammaene sine, og håpar dei vil vere kjærastar for alltid.

    NRK TV
  • Episode 3 - Bli med heim
    Barneprogram, Dokumentar, S1:E3

    Norsk dokumentarserie. Benhur har ikkje sett pappa sidan han var liten baby. Då flykta Benhur, storebror Berhane og mamma til Norge frå krigen i Eritrea. I sju år har dei venta på at pappa skulle komme til Norge og endeleg, no kjem han snart!

    NRK TV
  • Episode 4 - Bli med heim
    Barneprogram, Dokumentar, S1:E4

    Norsk dokumentarserie. Mille bur i ein familie med seks søsken! Ho synes småsøskena bråkar mykje og tar leikane hennar utan å spørje. Men det er kult og alltid ha nokon å leike med.

    NRK TV
  • Episode 5 - Bli med heim
    Barneprogram, Dokumentar, S1:E5

    Norsk dokumentarserie. Far til Max døydde nettopp av kreft og alt er forandra. Familien skal flytte tilbake til Nederland, der dei kom frå då Max var liten. Max tenkjer på pappa nesten heile tida.

    NRK TV
VG er en del av Schibsted. Schibsted er ansvarlig for dine data på denne siden.
Les mer