Fransk animasjon. Helium får ikkje sove. Helium har mista kosekluten sin, som han ikkje vil innrømme at er ein koseklut, og får Apollo og Lukas med seg i leitinga. Dei prøvar alt dei kjem på for å hjelpe Helium å sove utan, men ikkje før Helium oppdagar kven som har kosen hans finn han roen.
Fransk animasjon. God oppførsel. Margeritt vil invitere skadedyra til lunsj i kuba, men Lukas er særs skeptisk fordi dei berre stel ting. Når skadedyra kjem anklagar Lukas dei for å stele krona til dronninga, men han var visst for rask med å dømme dei.
Fransk animasjon. Under stjernene. Margeritt drøymer om å overnatte ute, men det er vanskeleg å få til for ei dronning. Kanskje Lukas og Apollo kan assistere?