Storesøstera til Bjørk har ein hjerneskade. Difor må Bjørk passe på henne og hjelpe henne med mange ting.
Sjur bur på ein gard med mange dyr. Det beste han veit er å stelle og kose med dei, men nokre gonger må dyra døy for å bli mat.
Anna Olivia bur hos mormor fordi mamma hennar må lære seg å leve utan å ruse seg.
Mammaa til Athina driv eit hotell. Athina likar å hjelpe til her og håpar at ho ein dag sjølv kan vere hotellsjef.
Oskar har budd på asylmottak nesten heile livet. Han gler seg til at familien ein dag kan bu for seg sjølve og har god nok plass til å ha venner på overnatting.
Pappaen til Anna Elisif jobbar i forsvaret og passar på at det ikkje blir krig i land som Israel. Anna Elisif synest pappa har ein viktig jobb, men saknar han ofte.
Emanuel og familien bur på ein skule der elevane lærer om jordbruk. Pappa har ansvaret for grønsakene på skulen, og Emanuel synest det er kjekt å få vere med å hjelpe til.
Mammaen til Mathilde har ein sjukdom som gir henne vonde tankar. Mathilde likar ikkje at mamma har det vondt og vil hjelpe henne med å vere meir glad.