I villmarka på Graddisfjellet i Nordland lever det aldrande svenske kunstnarparet Kajsa Zetterquist og Per Adde. Der har dei bygd opp eit tun av eldgamle hus, og her lever dei for kvarandre og for kunsten. Men dei er også samfunnsengasjerte og har gjort ein stor innsats både for nordnorske kunstn...
Kjepso er ein veglaus gard på ei fjellhylle på nordsida av Hardangerfjorden. Her vart Anne frå Glasgow gardkone, og her fostra ho opp fem born, medan mannen var vekependlar. No lever det pensjonerte paret Anne og Per Kjepso åleine att på fjellknausen det meste av året, men i feriane vender dei un...
I den vesle grenda Måren på nordsida av Sognefjorden lever berre fem menneske att. Eitt av dei er forfattaren, musikkmeldaren og småbrukaren Ivar Orvedal. Annankvar sommar arrangerer han musikk- og lyrikkfestival, Mårenbiennalen, men etter at han sist sommar tapte ein langvarig kamp for å hindre ...
På fjellgarden Fossdal, på grensa mellom Møre og Romsdal og Sør-Trøndelag, bur tolv år gamle Anita Martinsen saman med foreldra sine. Venene hennar er dyra på garden, særleg geitene og dei mange fjørkrea. Dessutan skriv ho forteljingar om dyra og har gått forfattarkurs. Og ho har planane klare. H...
Folket i Skjerdal i Nordfjord er veglause, men lever likevel eit aktivt liv. Utanom vanleg gardsdrift har dei ala opp travhestar og starta setjefiskanlegg, dei driv hjortejakt i stor stil, og no byggjer dei kraftverk. Men dramatisk kan livet i Skjerdal også vere. Siste året har far og son havarer...