Jeremy Thorpe, leiaren for The Liberal Party, har ein løyndom han ikkje vil dele med verda. Basert på ei sann forteljing. Homoseksualitet er forbode i Storbritannia på 1960-talet. Politikaren Jeremy Thorpe har ein kort affære med stallguten Norman Scott. Då karrieren til Thorpe blomstrar, blir ha...
Thorpe har ambisjonar om å bli statsminister, men den tidlegare affæren med Norman Scott trugar med å leggje karrieren i grus.
Norman Scott overlever eit drapsforsøk og går offentleg ut mot Jeremy Thorpe med skuldingar om attentat. Etter mange år med isfront møtest Thorpe og Scott i retten. Heile verda følgjer med.