Sitcom

Ekteskap og naboskap
Truth Be Told

6.0 IMDbUSA

Mitch og Tracy har eit uvanleg nært, humoristisk og openhjarta forhold til naboane sine, Russell og Angie.

Sesonger og episoder

Sesong 1
  • Sesong 1
Sesong 1
  • Episode 1
    Sitcom, S1:E1

    Angie får fire billettar til Jay-Z-konsert frå eksen sin. Ho og Russell inviterer med seg Mitch og Tracy. Dei må berre finne barnevakt, og det er ikkje så enkelt. Mitch er redd toppkandidaten er litt for attraktiv.

  • Episode 3
    Sitcom, S1:E3

    Nabojenta Maya på seks kjem til å sjå Russell i dusjen. Kor mykje såg ho eigentleg, og bør han fortelje foreldra hennar det?

  • Episode 4
    Sitcom, S1:E4

    På skulen til Sadie har dei høner. Ein dag døyr favoritten hennar. Mitch og Tracy har ulik religiøs tru og er i tvil om korleis dei skal snakke med ho om det. Den synske kjærasten til søstera til Mitch gjer det ikkje enklare.

  • Episode 5
    Sitcom, S1:E5

    Mitch og Tracy har eit uvanleg nært, humoristisk og openhjarta forhold til naboane sine, Russell og Angie. Mitch og Russell let som dei er eit homofilt par for å sjarmere ein bilseljar.

  • Episode 6
    Sitcom, S1:E6

    Angie bestemmer seg for å pusse opp for å slette alle spor etter Russells tidlegare kjærastar. Tracy prøver å få dottera Sadie interessert i sin filippinske bakgrunn og kultur.

  • Episode 7
    Sitcom, S1:E7

    Mitch inviterer ved ei feiltaking kona til sin beste ven på lunsj. Tracy lar Russell låne ein kontorplass på jobben hennar, men det kan vise seg å vere eit mistak.

  • Episode 8
    Sitcom, S1:E8

    Mitch vil gjerne gjere eit godt inntrykk på dei nye naboane. Men hunden deira bjeffar og held dottera hans vaken heile natta. Korleis skal han gjere alle til lags?

  • Episode 9
    Sitcom, S1:E9

    Mitch er litt snar med å skulde eigaren av ein tacorestaurant for rasisme. Tracy prøver å hjelpe dottera si med problem ho har på skulen.

  • Episode 10
    Sitcom, S1:E10

    Russell blir fornærma då brudeparet Derek og Charlene ber Mitch om å vie dei. Det var jo han som presenterte dei for kvarandre.

VG er en del av Schibsted. Schibsted er ansvarlig for dine data på denne siden.
Les mer