Gullrushet i Klondike

Gullrushet i Klondike
Operation Gold Rush with Dan Snow

Dokumentar, Eventyr • Storbritannia

Bli med i fotspora til gullgravarane på 1800-talet. Historikar Dan Snow legg ut på ein ekspedisjon over den frosne villmarka i Canada saman med polfarar Felicity Aston og feltlege Kevin Fong. Målet for den farefulle ferda er å finne gull.

Sesonger og episoder

Sesong 1
  • Sesong 1
  • Episode 1 - Mountain Passes
    Dokumentar, Eventyr, S1:E1

    Ekspedisjonen startar ved kysten av Alaska, kor dei skal gjenskape turen til Klondike som tusenvis av håpefulle menn og kvinner prøvde seg på under gullrushet, men som berre ein av tre overlevde.

  • Episode 2 - Lakes and Rivers
    Dokumentar, Eventyr, S1:E2

    Ekspedisjonen får ei ny utfordring i dei lumske elvene og innsjøane på innlandet. Med ein trebåt basert på dei som var brukt under gullrushet, skal teamet navigere gjennom fleire titals mil av uroleg vatn, skiftande vêr og stride stryk.

  • Episode 3 - Digging for Gold
    Dokumentar, Eventyr, S1:E3

    Ekspedisjonen har lagt nær 100 mil bak seg. Dei er endeleg framme ved Dawson City, inngangsporten til rikdom og ære i Klondike. No skal teamet setje opp ein leir i 1800-talsstil og bruke tradisjonelle metodar til å grave etter gullet.