I bryllaup med Kakan
På bröllop med Kakan

Reality, Underholdning • Sverige

Vi blir med Kakan Hermansson i seks spanande og fargesprakande bryllaup.

Sesonger og episoder

Sesong 1
  • Sesong 1
  • Episode 1
    Reality, Underholdning, S1:E1

    Kakan møter Mona og Mustafa. Dei har berre kjent kvarandre i fire månader, og no skal dei bli vigde av ein imam. Begge er oppdratte med at dei må vere gift for å vere saman. Problemet er at Mona har draumejobben sin i Malmö, medan Mustafa har sin i Manchester, og ingen av dei vil flytte.

  • Episode 2
    Reality, Underholdning, S1:E2

    Kakan møter Malin og Conny i Norrbotten. Conny er same, og Malin har sjølv sydd koftene som dei skal bere i bryllaupet. Men dei er ikkje heilt i tråd med samiske tradisjonar. Korleis kjem den store, samiske slekta til Conny til å reagere på det?

  • Episode 3
    Reality, Underholdning, S1:E3

    Vi møter David og Debbie. Dei skal ha bryllaup med to, tre eller fire festar - ingen veit riktig kor mange. David er frå Sverige, medan Debbies familie kjem frå Etiopia. Kakan lærer å spele tromme på etiopisk vis, og kva ein treng hundre løk til.

  • Episode 4
    Reality, Underholdning, S1:E4

    Debbie skal flytte frå England for å gifte seg med sin store kjærleik, Anna, som bur i Sverige. Det skil 26 år mellom dei to, og då gjeld det å ta vare på kvar dag dei får saman.

  • Episode 5
    Reality, Underholdning, S1:E5

    Alen frå Bosnia har vore i lag med Sabrine frå Tunisia i sju år. Men dei har aldri budd saman, og aldri reist saman åleine. Dei har ikkje eingong sove saman. Men no blir det nye tider. Vi blir med Kakan Hermansson i seks spanande og fargesprakande bryllaup.

  • Episode 6
    Reality, Underholdning, S1:E6

    Familiane til både Emily og Kuldip er sikhar frå India. Ingen av dei trudde dei skulle finne ein sikh å gifte seg med i Sverige. Men no skal dei feire bryllaup i fleire dagar, og alt blir avslutta med ein Bollywood-fest.