Animert, Barneprogram

I same hi
La Famille Blaireau-Renard

2016 • Frankrike • Sesong 1, Episode 11

Fransk animasjonsserie. Barnevakt. Medan Rikke, Lilly og Labben blir med Besta i skogen prøver Besten og Willy å lage trapp heime, men det var visst vanskelegare enn dei trudde.

Sesonger og episoder

Sesong 1
  • Sesong 1
  • Episode 1 - I same hi
    Animert, Barneprogram, S1:E1

    Fransk animasjonsserie. Lagånd. Labben og Rikke er ueinige om kven av dei som skal delta i holekonkurransen, men kan det vere at samarbeid løner seg?

    NRK TV
  • Episode 2 - I same hi
    Animert, Barneprogram, S1:E2

    Fransk animasjonsserie. Ei ettertrakta hole. Rikke og Biva finn ei hole dei vil gje til faren til Rikke, men Labben og gjengen vil også leike der. Då må jentene få gutane bort.

    NRK TV
  • Episode 3 - I same hi
    Animert, Barneprogram, S1:E3

    Fransk animasjonsserie. Rotet til Willy. Willy samlar på kongler, til alle sin irritasjon. Men dei viser seg å vere kjekke å ha når ein hund vil ete besten.

    NRK TV
  • Episode 4 - I same hi
    Animert, Barneprogram, S1:E4

    Fransk animasjonsserie. Honningjakta. Rikke har funne ei bikube og vil hente ut honningen for å overraske Willy og Labben, men Lilly sladrar til rampekattane, som stel honningen. Dei bestemmer seg for å plukke bær i staden, men då finn Lilly noko søtt i skogen.

    NRK TV
  • Episode 5 - I same hi
    Animert, Barneprogram, S1:E5

    Fransk animasjonsserie. Professoren Edmund. Labben veddar med Pico om at pappa Edmund skal undervise dei i morgon, men Edmund seier nei. Margaret har ei overrasking på lur til dei!

    NRK TV
  • Episode 6 - I same hi
    Animert, Barneprogram, S1:E6

    Fransk animasjonsserie. Morsdag. Rikke lagar ein leirfigur til Margaret i morsdagsgåve, men rampekattane øydelegg han. Dei stel også båten som Willy og Labben har laga til minne om mor si, men det vil ikkje Rikke ha noko av!

    NRK TV
  • Episode 7 - I same hi
    Animert, Barneprogram, S1:E7

    Fransk animasjonsserie. Oppdagingsferd. Bendik dukkar opp og tek med seg Rikke og Labben på eventyr, og Labben er redd Bendik berre lyg om alt det kjekke dei skal gjere. Men så kjem ein hund og gjer ting litt for spennande.

    NRK TV
  • Episode 8 - I same hi
    Animert, Barneprogram, S1:E8

    Fransk animasjonsserie. Kveldstur. Labben tykkjer det er vanskeleg å snakke med pappa Edmund når han er sur, men heldigvis har han stemor Margaret som kan mekle.

    NRK TV
  • Episode 9 - I same hi
    Animert, Barneprogram, S1:E9

    Fransk animasjonsserie. Biva si hemmelegheit. Det glepper ut av Rikke at Biva og Ludo skal på date, og gutane vil spionere. Då får Rikke eit svare strev med å ordne opp så Biva og Ludo får vere i fred.

    NRK TV
  • Episode 10 - I same hi
    Animert, Barneprogram, S1:E10

    Fransk animasjonsserie. God som gull. Pico ser Edmund og Margaret sjekke ut ei ny hole og varslar Rikke at dei skal flytte. Det vil ikkje ungane, så Rikke og Labben øvar seg på å ikkje krangle så fælt så familien ikkje skal splittast.

    NRK TV
  • Episode 11 - I same hi
    Animert, Barneprogram, S1:E11

    Fransk animasjonsserie. Barnevakt. Medan Rikke, Lilly og Labben blir med Besta i skogen prøver Besten og Willy å lage trapp heime, men det var visst vanskelegare enn dei trudde.

    NRK TV
  • Episode 12 - I same hi
    Animert, Barneprogram, S1:E12

    Fransk animasjonsserie. God natt, Rikke. Rikke legg seg på gjesterommet for å sove i fred, og Willy og Labben vil skremme henne. Men Rikke er ikkje lettskremd, så i staden er det ho som gjev Labben ein lærepenge.

    NRK TV
  • Episode 13 - I same hi
    Animert, Barneprogram, S1:E13

    Fransk animasjonsserie. Willy er ein helt. Willy er lei av skrytet til Labben og at alle trur han er ein helt, men takka vere rampekattane får Willy sjansen til å prøve seg som helt sjølv.

    NRK TV
  • Episode 14 - I same hi
    Animert, Barneprogram, S1:E14

    Fransk animasjonsserie. Kattefella. Rikke har byrja å henge med kattane, og Willy og Labben er skeptiske. Det viser seg at dei trener til eit løp, men tvillingane finn det best å vere på vakt.

    NRK TV
  • Episode 15 - I same hi
    Animert, Barneprogram, S1:E15

    Fransk animasjonsserie. Familieliv. Rikke og Pico er lei av familiane sine og byter for ein dag.

    NRK TV
  • Episode 16 - I same hi
    Animert, Barneprogram, S1:E16

    Fransk animasjonsserie. Pappa eller Biva? Rikke lovar Biva å finne den forsvunne teikninga hennar, men då pappa kjem på besøk er det vanskeleg å prioritere kva ein skal gjere.

    NRK TV
  • Episode 17 - I same hi
    Animert, Barneprogram, S1:E17

    Fransk animasjonsserie. Sjelevener. Labben saknar Willy, som er på fisketur, og er sikker på at han kan kjenne at broren er i fare. Han tek med seg Rikke for å undersøkje.

    NRK TV
  • Episode 18 - I same hi
    Animert, Barneprogram, S1:E18

    Fransk animasjonsserie. Bamsen. Labben mistar bamsen sin, og er veldig flau for at andre skal vite at han framleis har ein slik. Men Rikke og Willy hjelper han med å leite, og undervegs finn dei ut at det å ha bamse er vanlegare enn dei trur.

    NRK TV
  • Episode 19 - I same hi
    Animert, Barneprogram, S1:E19

    Fransk animasjonsserie. Vêrhårdagen. Revebesta saknar Vêrhårdagen, ein gammal tradisjon der ungane skulle heidre foreldra sine, og søskena bestemmer seg for å gjeninnføre tradisjonen. Men det kan vere vanskeleg å skryte av foreldra sine av og til!

    NRK TV
  • Episode 20 - I same hi
    Animert, Barneprogram, S1:E20

    Fransk animasjonsserie. Den snakkande gulrota. Rikke og Labben kranglar om kor familien skal ha piknik hen og vil ha Willy til å mekle. Men han er lei av å aldri bli høyrd og introduserer Den Snakkande Gulrot-leiken.

    NRK TV
  • Episode 21 - I same hi
    Animert, Barneprogram, S1:E21

    Fransk animasjonsserie. Martin er sjefen. Gjengen må på oppdrag, men Labben må heim og kan ikkje vere sjef. Difor må Martin prøve seg som sjef for fyrste gong, og det er ikkje berre enkelt.

    NRK TV
  • Episode 22 - I same hi
    Animert, Barneprogram, S1:E22

    Fransk animasjonsserie. Dei innbilt sjuke. Lilly blir sjuk og slepper unna husarbeid, og søskena blir sjalu og prøver seg på det same. Men Edmund og Margaret er ikkje lette å lure!

    NRK TV
  • Episode 23 - I same hi
    Animert, Barneprogram, S1:E23

    Fransk animasjonsserie. Ei forestilling. Søskena skal lage ei forestilling for foreldra, men splittast når Labben vil bestemme alt. Dei andre vil lage sitt eige show, men så mistar Labben stemma. Kanskje ein skal gløyme krangelen og samarbeide likevel?

    NRK TV
  • Episode 24 - I same hi
    Animert, Barneprogram, S1:E24

    Fransk animasjonsserie. Rett og rimeleg. Besten har plukka likt tal bær til kvar av ungane, og Edmund tør ikkje seie at han har ete eit. Han går ut for å finne eit ekstra bær, og i mellomtida blir det full diskusjon i heimen om korleis bæra skal fordelast.

    NRK TV
  • Episode 25 - I same hi
    Animert, Barneprogram, S1:E25

    Fransk animasjonsserie. Overnattingsfest. Willy skal sove hos Ludo, så ei seng er ledig i hola. Rikke og Labben kjempar om kven som får invitere nokon på overnatting, men plutseleg er alle opptekne.

    NRK TV
  • Episode 26 - I same hi
    Animert, Barneprogram, S1:E26

    Fransk animasjonsserie. Vener eller fiendar? Rikke og Labben har stole bowlingkjeglene til Willy, men Surpus og Kattsjup knabbar dei. Då må dei gje opp den evinnelege kranglinga si og samarbeide.

    NRK TV
  • Episode 27 - I same hi
    Animert, Barneprogram, S1:E27

    Fransk animasjonsserie. Reve-intuisjon. Rikke vil bruke reve-intuisjonen sin til å finne ut kven som har stole valnøttene frå lageret, men ender opp med å skulde på alle utan grunn.

    NRK TV
  • Episode 28 - I same hi
    Animert, Barneprogram, S1:E28

    Fransk animasjonsserie. Den magiske kastanjenøtta. Labben lurer Lilly til å gje han ein fin stein i byte mot ei "magisk" nøtt. Då hjelper Rikke og Willy Lilly med å lure Labben tilbake.

    NRK TV
  • Episode 29 - I same hi
    Animert, Barneprogram, S1:E29

    Fransk animasjonsserie. Sniglejakta. Lilly mister si fyrste tann, og Rikke vil sende henne ut på sniglejakt, for det gjer alle revar. Men Edmund er redd og vil ikkje la henne gå, så heile familien må overtyde han om å gje slepp.

    NRK TV
  • Episode 30 - I same hi
    Animert, Barneprogram, S1:E30

    Fransk animasjonsserie. Ein baby! Er dei galne? Søskena trur Margaret og Edmund skal ha baby, og Rikke tek det tungt. Ho vil flytte til faren i staden, men heldigvis er det ei anna overrasking som ventar.

    NRK TV
  • Episode 31 - I same hi
    Animert, Barneprogram, S1:E31

    Fransk animasjonsserie. Ryktet går. Etter ein heime-åleine-fest har ungane ramponert hola, og skuldar på ein ulv. Ryktet sprer seg i skogen, og søskena skjønar at løgn ikkje alltid lønar seg.

    NRK TV
  • Episode 32 - I same hi
    Animert, Barneprogram, S1:E32

    Fransk animasjonsserie. Willys løyndom. Willy gjer noko hemmeleg som alle i familien vil finne ut av. Men då søskena finn ut at foreldra også vil snoke, vil dei heller hjelpe broren å halde løyndommen for seg sjølv.

    NRK TV
  • Episode 33 - I same hi
    Animert, Barneprogram, S1:E33

    Fransk animasjonsserie. Meisteren Willy. Willy skal passe på smykket til Rikke, men rampekattane stel det. Det blir ein kamp for å få det att, men ved hjelp av venane sine klarar Willy å få smykket tilbake til slutt.

    NRK TV
  • Episode 34 - I same hi
    Animert, Barneprogram, S1:E34

    Fransk animasjonsserie. Vaksenliv. Rikke, Labben, Willy og Martin er lei av plikter og vil flytte heimanfrå. Men Margaret gjev dei ei lita lærepenge, og ungane skjønar at det kanskje er greitt å bu heime litt til.

    NRK TV
  • Episode 35 - I same hi
    Animert, Barneprogram, S1:E35

    Fransk animasjonsserie. Skatten til Besten. Besten fortel om ein skatt han gøymde i skogen som ung rev, og søskena dreg på skattejakt.

    NRK TV
  • Episode 36 - I same hi
    Animert, Barneprogram, S1:E36

    Fransk animasjonsserie. Ein ny pappa. Lilly syns Edmund er keisam og vil finne seg ein ny pappa. Men mot alle ho testar blir Edmund ganske bra likevel.

    NRK TV
  • Episode 37 - I same hi
    Animert, Barneprogram, S1:E37

    Fransk animasjonsserie. Krangel. Besta og Besten kranglar, og søskena blir redde for at dei skal skille seg og vil hjelpe dei å bli vener att.

    NRK TV
  • Episode 38 - I same hi
    Animert, Barneprogram, S1:E38

    Fransk animasjonsserie. Skogsball. Familien må i all hast overta arrangeringa av Skogsballet, men Edmund er redd for å danse. Etter råd frå Besta bestemmer søskena seg for å lære han det.

    NRK TV
  • Episode 39 - I same hi
    Animert, Barneprogram, S1:E39

    Fransk animasjonsserie. Kunsten å finne vegen. Revebesten skal lære Rikke og Willy å finne vegen i skogen, men Edmund stolar ikkje på han og følger etter. Men det viser seg at det kanskje er dei vaksne som kunne trengd å lære å finne vegen.

    NRK TV
  • Episode 40 - I same hi
    Animert, Barneprogram, S1:E40

    Fransk animasjonsserie. Flygande grevling. Søskena skal på eventyr. Willy og Lilly vil ut og fly, og Rikke og Labben gjer noko som blir i farlegaste laget - men heldigvis kan Willy og Lilly trå til med oppfinninga si.

    NRK TV
  • Episode 41 - I same hi
    Animert, Barneprogram, S1:E41

    Fransk animasjonsserie. Saman igjen. Rikke og Labben har fått nok av kvarandre og familien og legg ein plan for å føre Bendik og Margaret saman igjen. Men dei vaksne er ikkje med på notane, og søskena må tenke gjennom om det finnast positive sider ved kvarandre likevel.

    NRK TV
  • Episode 42 - I same hi
    Animert, Barneprogram, S1:E42

    Fransk animasjonsserie. Martin ler rart. Labben, Rikke og Willy oppdagar at Martin har ein rar latter og tergar han for det. Men Martin blir lei seg og vil finne nye vener, og då må søskena seie unnskyld.

    NRK TV
  • Episode 43 - I same hi
    Animert, Barneprogram, S1:E43

    Fransk animasjonsserie. Lilly får ein ven. Lilly er misunneleg på storesøskena som har så gode vener, og finn ein pinne som skal vere bestevenen hennar. Men Milly, som pinnen heiter, skapar litt styr også.

    NRK TV
  • Episode 44 - I same hi
    Animert, Barneprogram, S1:E44

    Fransk animasjonsserie. Willy er ei pyse. Willy blir angripen av bier og blir redd for å gå ut. Søskena bestemmer seg for å gje han eit sjølvforsvarskurs for å tøffe han opp.

    NRK TV
  • Episode 45 - I same hi
    Animert, Barneprogram, S1:E45

    Fransk animasjonsserie. Bjella til Rikke. Labben og Willy finn ei fin bjelle i skogen, og Rikke seier den er hennar. Men sidan ho påstår at ho eig alt mogleg trur dei ikkje på henne. Men kanskje Rikke for ein gongs skuld ikkje finn på?

    NRK TV
  • Episode 46 - I same hi
    Animert, Barneprogram, S1:E46

    Fransk animasjonsserie. Kjærastekvelden. Det er Kjærastekvelden, då alle forelska gjev kvarandre gåver. Willy lagar ei gåve, og Rikke og Labben trur han er forelska i Biva. Men Biva er forelska i Ludo! Dei må prøve å skåne Willy frå å dumme seg ut.

    NRK TV
  • Episode 47 - I same hi
    Animert, Barneprogram, S1:E47

    Fransk animasjonsserie. Samarbeid. Rampekattane stel dragen til søskena, og dei knabbar kofferten tilbake. Kattane lurer dei når dei skal byte ting, og Surpus og Rikke blir sitjande fast i skogen saman. Kanskje eit samarbeid må til?

    NRK TV
  • Episode 48 - I same hi
    Animert, Barneprogram, S1:E48

    Fransk animasjonsserie. Krakaboen. Revebesten fortel eit fælt eventyr om krakaboen, eit troll som stel ungar, og søskena blir livredde. Og rampekattane bestemmer seg for å skremme dei litt ekstra.

    NRK TV
  • Episode 49 - I same hi
    Animert, Barneprogram, S1:E49

    Fransk animasjonsserie. Hemmelege vener. Labben blir fornærma når Martin leikar med Ludo, men han vil ikkje leike det same som han. Men Labben innser at han sjølv kanskje er litt for sjefete, og det kan vere greitt å la andre bestemme av og til.

    NRK TV
  • Episode 50 - I same hi
    Animert, Barneprogram, S1:E50

    Fransk animasjonsserie. Medaljen. Willy er hjelpsom og får låne Edmund si Hjelpsom grevling-medalje. Labben blir sjalu og vil ha den, men fyrst må han forstå greia med å hjelpe andre og ikkje seg sjølv.

    NRK TV
  • Episode 51 - I same hi
    Animert, Barneprogram, S1:E51

    Fransk animasjonsserie. Sladrehanken Lilly. Lilly er fæl til å sladre på søskena sine, så Rikke og Labben lærer henne å la vere. Men når dei havnar i alvorleg trøbbel må Lilly innsjå at sladring kanskje kan vere bra likevel.

    NRK TV
  • Episode 52 - I same hi
    Animert, Barneprogram, S1:E52

    Fransk animasjonsserie. Løftet til Bendik. Rikke tør ikkje stole på at Bendik stiller opp, og han bestemmer seg for å gjere noko ekstra flott. Men så går det gale, og det ser ut til at Rikke gjer rett i å ikkje stole på han. Då må Bendik legge seg i selen for å motbevise det.

    NRK TV