Det blir bråk i Aidensfield da naboane Celia Hanson og Don Foster blir uforlikte. Greengrass og David finn ei ueksplodert bombe.
Mike og Jackie får stadig telefonoppringing frå ein mystisk person. Greengrass og Bernie arrangerer ei uvanleg gravferd, og David får ei oppgåve han ikkje meistrar.
Det er problem i prestegarden i Aidensfield. Prestefrua keiar seg, og dotter til presten har ein hemmeleg kjærast. Greengrass får nye idear - og denne gongen er han sikker på ei stor forteneste.
Politikaren Gabriel Firth skal pensjonere seg og planlegg eit selskap for å markere det, men Firth har også andre hemmelege ting på gang. Greengrass og David får stadig nye idear - og denne gongen med eksplosive følgjer.
Ventress blir overraska av gamle venner som kjem på beøk for å feire eit jubileum. Bellamy hjelper Gina som har problem med ein vanskeleg nabo som klagar over bråk frå Aidensfield Arms.
Enid, mor til Craddock, blir blanda inn i eit mordmysterium og hjelper politiet i Aidensfield med å løyse saka. Greengrass har vinnarlykke.
Ein farleg forbrytar kjem til Aidensfield. Han er såra, men får uventa hjelp av ein framand mann mot at han lovar å forbetre seg. I mellomtida etterforskar politiet for fullt.
Politiet i Aidensfield etterforskar ei rekkje innbrot, og dei mistenkjer elevar frå guteskolen Pendlebury. Mike oppdagar at ein gut har rømt, men det er ikkje berre politiet som leitar etter han, og ein er uroleg for tryggleiken hans.
Danny Reece overlever ei bilulykke utanfor Aidensfield, men oppdagar at ein stor pengesum er borte. Samtidig begynner fattige i byen å få pengegåver. Nokon leikar Robin Hood med pengane til Reece.
Det er økonomiske problem i Aidensfield, og Greengrass har hamna i eit utriveleg fengsel etter feilslåtte forretningsplanar.
Maggie får eit problem når mora til ei god venninne døyr. Ho får ein stygg mistanke til bror til venninna: han arvar no pengar han treng sårt til forretningsverksemda si. Skal ho varsle politiet eller teie for venninna si skyld?
I løynd skal politistasjonen i Aidensfield passe på ein tystar som må haldast skjult i 48 timar. Men forbrytarane, som vil hemne seg på tystaren, er på sporet. Greengrass har reist til Karibia for å møte syster si, som har vunne pengar i lotteri.
Susan Finlay er ny i Aidensfield, og Craddock let seg sjarmere av dama. Men forholdet blir spent når sonen til Susan blir tiltala for uforsvarleg bilkøyring.
Jackie får uventa besøk av mor si, Edwina, som bur hos nokre venner i nærleiken. Vernon ser ein sjanse til å tene pengar når han får vite at det blir planlagt ein popkonsert i Ashfordly.
Vernon rotar seg bort og får ei skrape av politiet. Fru Barton føler seg truga på livet. Er nokon ute etter garden hennar?
Mike og Jackie har overnattingsgjester. Det er niesa til Mike og venninna hennar som er på helgebesøk. Lord Ashfordly har besøk av vennen, prins Nikolas, som set stor pris på vin og god mat. Vernon blir tilsett som livvakt.
Andrew Parkin og kona hans blir blanda inn i ei ulykke, og Blaketon og Mike får noko å tenkje på. Vernon har nye opplegg for å tene pengar, men ingenting går som planlagt.
Politiet i Aidensfield har problem med ei gruppe tenåringar som står bak ei rekkje tjuveri og plagsame påfunn. Vernon blir beden om å hjelpe den nyinnflytta Edith Fairley, som får eksmannen på uventa besøk.
Falske pengesetlar sirkulerer i Aidensfield, og politiet mistenkjer ein nattklubbeigar. Jackie har problem med å bli gravid og oppsøkjer dr. Summerbee. Vernon dummar seg ut igjen.
Bernie organiserer si eiga postombering under poststreiken. Jackie blir overraska når ho får besøk av ei gammal venninne som har fått ein baby. Lord Ashfordly får uventa besøk av syster si - og ekskjærasten hennar.
David har ikkje pengar til alle rekningane, så Vernon overtalar George Walker til å tilsetje David på garden. Gjesteførelesar Adrian Miller tek ein drink med Lisa Preston og blir meld for valdtekt etterpå. Jackie får saka.
Mike undersøkjer ein klage på ein mann i ein mørk skapbil. Han blir observert like før garasjen til Frank blir øydelagd i ein eksplosjon. Lord Ashfordly og presten Meeks vil restaurere ei gammal kyrkje, men Meeks har eigne planar.
Greengrass skriv til David at han vil bli hos syster si. Ein eigedomsmeklar får i oppdrag å selje huset hans i Aidensfield. Det skjer fleire innbrot, og politiet får mykje å gjere.
Ein bonde skuldar auksjonarius Giles Sutton for å fikse prisen på sauene. Mike blir blanda inn i ein korrupsjonsskandale. Vernon prøver å tene pengar på å selje vatn på flasker, men er vasstestane pålitelege?