Debbie White er 16 år og forelska. Ho trur ho er vorten gravid og oppsøkjer dr. Tricia Summerbee. Mike saknar Jackie og synest det er vanskeleg å leve åleine. Craddock ventar besøk av inspektørar.
Det kjem klager til styresmaktene på dr. Tricia Summerbee, og ho går til Mike for å få råd frå han. Det unge kjærastparet Debbie og Carl er frustrerte fordi foreldra til Debbie nektar dei å vere saman.
Craddock blir informert om at det går føre seg topphemmeleg overvaking i Aidensfield. Det er mistanke om spionasje. Mike vil ta eksamen for å kunne avansere i jobben. Tricia får problem med ein pasient.
Nokon har stole verdifulle afrikanske gjenstandar frå lord Ashfordly. Ventress og Bellamy gjer undersøkingar hos antikvitets- og kunsthandlarar i nærleiken. Vernon og David opplever at drosjeverksemd har sine sider...
Ein mann som nettopp har mista mor si, betaler Blaketon for å gjere undersøkingar i samband med testamentet. Mike og Tricia har ein samanstøyt, og Tricia blir redd for at forholdet mellom dei skal ta slutt.
George Forrester er ein 80 år gammal kunsttjuv som planlegg eit siste kupp i Ashfordly Hall, der Vernon jobbar som omvisar. Alarmen går da det blir oppdaga at verdifulle bilete er stolne.
Ventress ventar seg problem da han høyrer at ein gammal rival er komen attende til Aidensfield saman med kona si. Vernon organiserer ein missekonkurranse for å kåre Frøken Aidensfield. Mike held fram med studia sine.
Eit ungt par flyttar til Aidensfield. Dei ventar barn og ønskjer seg eit fredeleg liv på landet, men det blir ikkje berre idyll.
I Aidensfield har mange vorte sjuke av salmonella. Mike og Craddock prøver å finne ut kvar sjukdommen byrja, og Gina er den første som får mistanken mot seg. Vernon har planar om å lage ein gravplass for kjæledyr.
Tricia får overraskande besøk av ei gammal venninne som seier ho blir forfølgd av journalistar og treng ein stad å gøyme seg. Vernon jobbar for at det skal bli eit juletre med lys til glede for innbyggjarane i Aidensfield.
Gullsmedbutikken til Reynold blir rana. Ranaren blir påkøyrd og hardt skadd da han skal stikke av, men utbytet er borte. Politiet set alt inn på å løyse saka.
Ein eldre mann døyr brått. Medan politiet undersøkjer om han hadde pårørande, kjem dei på sporet av detaljerte ransplanar. Craddock slit med ekteskapsproblem.
Ventress og Nicholson forfølgjer Paul Rogers, ein ung mann som dei veit er fråteken førarkortet på grunn av fyllekøyring. Dennis Merton, den nye politimannen på Ashfordly politistasjon, blir interessert i saka.
Ventress får melding om ein låvebrann og har mistanke om at det ligg noko kriminelt bak. Det blir bråk på puben, og politiet prøver å skape ro og orden, men Mike og Bellamy blir skadde. Vernon har planar om å starte ein privat kino.
Mike tek endeleg eksamen. Politiet får melding om ein stolen Ming-vase, og dei har mistanke om at det er profesjonelle tjuvar som står bak. Eit ungt par har leigd eit feriehus og vil ikkje ha besøk av nokon frå landsbyen.
Ein mann har brote seg inn hjå Helen Jones, men ingenting er stole. Berre ei eske med bilete er snudd opp ned. Vernon og David oppdagar ein franskmann som har gøymt seg på låven. Han fortel om vingarden sin og overtalar Vernon til å byrje med vinsal.
Politiet får melding om innbrot i eit pensjonat. Vernon kjøper ein geiteflokk og seier til David at han planlegg å selje geitemjølk til helsekostbutikken.
Mason og Dawson fortset jakta på Rosie i Australia. Dei har utelukka Mick som ein mistenkt og prøver no å finne nye spor.
Merton blir skulda for å ha stole ei lommebok, og han blir suspendert frå jobben. Vernon er uroleg for sinnstilstanden til Bernie.
Ei eldre dame blir skadd og hamnar på sjukehuset da ho overraskar ein innbrotstjuv. Det blir gjort innbrot hjå Tricia også, og postkortsamlinga hennar blir stolen. Bernie og David støttar Blaketon i lokalvalet.
Oliver Langley har leigt seg inn på Ashfordly-godset saman med kona si for å vere med på fasanjakta i området. På ein jakttur skyt han hunden til naboen, men politiet treng bevis for å straffe han.
Josie Peters er ein flink elev, men far hennar vil ikkje at ho skal byrje på universitetet. Blaketon arvar ei dokke etter komikaren Ernie Dobson, og David får prøve seg som buktalar.
I eit selskap hos lord Ashfordly blir Gina dårleg og må reise heim. Neste morgon vaknar ho i bilen og kan ikkje hugse kva som har skjedd. Ein mann er vorte påkøyrd, og bilen til Gina er skadd.
Tricia har ei travel natt med pasientar som treng henne. Gina blir opprørt da Bernie og Vernon set i gang ei verksemd som ho har hatt einerett til.