Blaketon oppdagar ein mann han trudde var død for 15 år sidan, og Ventress blir redd for å miste både jobben og forstanden. Alle blir forundra da Vernon får seg ein vanleg jobb.
Mike oppdagar at rike menneske ikkje nødvendigvis er lykkelege. Vernon vil hjelpe venner og kjende med hypnose, men han blir redd for å ha skadd David for alltid.
Lord Ashfordly er ansvarleg for eit hundeshow, men det er ikkje heilt udramatisk. Vernon tilbyr seg å hjelpe lord Ashfordly.
Ein bonde føler seg urettferdig behandla av banken, og Ventress vil hindre han i å ta hemn. Vernon prøver seg i matvarebransjen, men han møter som vanleg uventa problem.
Ein eldre frukthandlar døyr i drosja til David, og David må hjelpe dotter hans med vareleveransane. Men det dukkar opp uventa problem.
Ein gardbrukar prøver å hindre at uvedkomande går over eigedommen hans. Landsbybuarane undrar seg over at Vernon brått har endra personlegdom.
Ein gardsarbeidar blir brått sjuk og døyr. Seinare blir det oppdaga fleire dyr som er døde på uforklarleg vis. Mike leitar etter ein årsakssamanheng.
Tricia blir blanda inn i ein ekteskapskonflikt og hamnar i ein livsfarleg situasjon. Vernon har ein ny forretningsidé - han tar oppdrag som landskapsarkitekt.
Landsbybuarane blir overraska da lord Ashfordly kjem heim med ei ny, vakker kone, men alt er ikkje som det ser ut til. Vernon bruker bårebilen til Bernie til å køyre juletre.
Mike blir forskrekka når Tricia byrjar å møte ein mystisk hestetrenar. Vernon får eit uventa besøk av ein fetter.
Mike undrar seg over at ein lokal dommar tek ein ung problemgut i forsvar. Vernon blir oppsøkt av ei gammal flamme som ber han om hjelp.
Bellamy får ei utriveleg overrasking da politiet avslører ein tjuv. Det verkar som om Vernon har planer om å gjere heile landsbyen om til eit sirkus.
Sprengstoff kjem på avvegar, og Merton blir uroleg. Vernon, Bernie og David er skeptiske til å hjelpe presten med bryllaupsførebuingar.
Vernon blir skadd i ei bilulykke og hamnar på sjukehus. Politiet vil ha opplysningar om ulykka, men Vernon har slått seg i hovudet og hugsar ingenting.
Ein gjeng unge bråkmakarar irriterer mange landsbybuarar. Merton liker ikkje at Jenny får besøk av bror sin.
Ventress synest at den nye kollegaen er litt for ivrig i tenesta. Vernon prøver å gjere inntrykk på ein annan nykomar i Aidensfield - dr. Liz Merrick.
Mike får eit tips og blir involvert i ei stor sak. Vernon overtyder dr. Merrick om at legekontoret treng oppussing.
Ei ung kvinne avlyser bryllaupet sitt fordi kjærasten ikkje støttar henne i ei vanskeleg sak. Vernon har problem med ein ny politimann som er svært nøye med lover og reglar.
Dr. Merrick får eit sjokk når fortida hennar brått innhentar henne. Vernons forventningar om ein stor arv går opp i røyk.
Landsbybuarane blir forskrekka når det ser ut til å vere ein snikskyttar laus, og Bellamy tenkjer igjennom sine eigne prioriteringar etter nesten å ha vorte treft av ei kule.
P.C. Crane og dr. Merrick er urolege for velferda til ei eldre enkje. David hjelper Blaketon med ein protest mot eit lokalt steinbrot, medan Vernon jobbar for opposisjonen.
Landsbybuarane er nysgjerrige når ei mystisk kvinne buset seg hos Steve Crane. Vernon får eit heldig avbrot når han går inn i den moderne kunstmarknaden.
Ein tidlegare innsett bruker Jenny for å setje press på sersjant Merton, og ein nyrik Vernon organiserer ein velgjerdsauksjon.
Jenny og Liz blir nøydde til å passe barn når eit bondeektepar forsvinn. Vernon tek med seg ein motvillig Bernie på ein liten ferie til eit landleg hotell.
Det blir komplisert når Steve fell for den vakre dottera til ein polsk fiolinist som bur på Ashfordly Hall. Vernon får besøk av to sterkt sakna kusiner som seier dei har ein uimotståeleg forretningsidé.