Med hjartet på rette staden

Med hjartet på rette staden
Heartbeat

Krimdrama, Storbritannia, Sesong 13, Episode 5

Politiet etterforskar ein falsk vassdragsbyråkrat og endar opp med å etterforske eit mistenkjeleg dødsfall. Blaketon er oppteken av rettferd og set i gang ei ny tevling med pilspel som ikkje gjekk rett føre seg for mange år sidan.

Sesonger og episoder

Sesong 13
  • Sesong 7
  • Sesong 8
  • Sesong 9
  • Sesong 10
  • Sesong 11
  • Sesong 12
  • Sesong 13
  • Episode 1 - Speed
    Krimdrama

    Da Jason Buck ser at Billy Fletcher snakkar med jenta hans, Lisa, vert han sjalu og yppar Billy til kappkøyring med motorsyklar.

  • Episode 2 - Dog Days
    Krimdrama

    Nattevakten Syd Williams ser at det brenn i eit varehus, og politiet kjem til staden. Steve går inn i huset og finn Syd medvitlaus. Samtidig har Vernon kome høgt på strå og gir David eit tilbod om å vere butleren hans.

  • Episode 3 - Mother's Little Helpers
    Krimdrama

    Vernon finn ut at pengar ikkje gjer han lukkeleg. Han trivst ikkje i det store huset sitt, og verre vert det når venen David vert kidnappa, og kidnapparane krev løysepengar av Vernon.

  • Episode 4 - Fool for Love
    Krimdrama

    Medan Aidensfield opplever væpna ran, er det bryllaup som står i hovudet på Jenny og Merton. Bellamy er fortvila over at Gina takkar nei til frieriet hans, sjølv om ho ventar barn med han.

  • Episode 5 - A Family Affair
    Krimdrama

    Politiet etterforskar ein falsk vassdragsbyråkrat og endar opp med å etterforske eit mistenkjeleg dødsfall. Blaketon er oppteken av rettferd og set i gang ei ny tevling med pilspel som ikkje gjekk rett føre seg for mange år sidan.

  • Episode 6 - The Holiday's Over
    Krimdrama

    Craig går inn på politistasjonen, finn ingen på vakt og staden er i fullt kaos. Merton og Jenny kjem heim frå bryllaupsreisa tidlegare enn planlagt.

  • Episode 7 - Waifs and Strays
    Krimdrama

    På ein gard blir tre barn foreldrelause, og Steve hjelper dei. 18 år gamle Meg ønskjer å bli formyndar for dei yngre syskena sine. Vernon kastar seg inn i campingbransjen, men det er David som underheld gjestene.

  • Episode 8 - Brought to Book
    Krimdrama

    Steve tek nokre verstingar med seg ut på heiane og håpar dei vil ha godt av å ferdast ute i naturen. Vernon snusar på orientalsk mystisisme. Ein guru er på besøk og treng hjelp med eit kurs i meditasjon.

  • Episode 9 - State of Mind
    Krimdrama

    Det verkar som om ein eldre mann byrjar miste vitet, men Steve og Liz gjer alt dei kan for at han ikkje skal flyttast på ein heim. Vernon vert kalla til juryteneste, men kan det gå bra med alt som skal gjerast?

  • Episode 10 - Down to Earth
    Krimdrama

    Ei kvinne klagar over den daude kua til nabobonden, og politiet må løyse krangelen. Vernon får ei stygg overrasking når han skal starte med kompostdrift.

  • Episode 11 - Mountains and Molehills
    Krimdrama

    Steve får eit problem når ei serveringsdame på Ashfordly Hall får meir enn eit godt auge til han. David finn opp ein ny måte å verte kvitt moldvarpar på og får ein ny venn på kjøpet.

  • Episode 12 - The Dear Departed
    Krimdrama

    Ei kvinne som nyleg er blitt enkje, kjem til Aidensfield for å gravleggje den avlidne mannen sin. Men broren til den døde nektar å samarbeide.

  • Episode 13 - Dangerous Whispers
    Krimdrama

    Gina Ward kjem overraskande attende til Aidensfield, og Bellamy møter ein viktig informant som kan vise seg å vere nyttig i eit visst høve.

  • Episode 14 - Scent of a Kill
    Krimdrama

    Dr. Merrick får eit problem på sjukehuset der ein kvinneleg pasient fortel at mannen hennar har planar om å drepe henne. Merton på si side verkar lite interessert i å blande seg inn i saka.

  • Episode 15 - Daniel
    Krimdrama

    Gina får fødselsvear medan ho freistar å skilje to kranglevorne karar på puben. På sjukehuset kjenner Blaketon att den eine av karane, Robert Flint, som var innblanda i ei stor narkotikasak for fleire år sidan, ei sak han slapp unna den gongen. No vil Merton setje han fast, og kan hende få ei stj...

  • Episode 16 - One Thing Leads to Another
    Krimdrama

    Etter at ein småtjuv vert skada i ei bilulukke, finn Crane ut at kona til Merton er innblanda i ein av dei tvilsomme planane hans. Liz får eit overraskande tilbod når ho freistar å hjelpe ein sjuk mann attende til jobben. David, Bernie og Vernon meld seg på ei dikttevling.

  • Episode 17 - No Hard Feelings
    Krimdrama

    Crane og Merton får mykje å gjere når ein snikskyttar slår til under ei leirdueskyting. Det hissige temperamentet til Bellamy gjer ikkje saka betre. Vernon har planar om å gå inn i bed-and-breakfast-marknaden, men ein god kokk er han ikkje.

  • Episode 18 - Difficult Times
    Krimdrama

    Dennis Merton vert kalla til Ranby Hall for å etterforske den brå døden til racerkøyraren Jack Maclean som hadde tatt ein overdose insulin. Vernon treffer ein gammal venn som kjem med eit gullkanta tilbod om store forretningar.

  • Episode 19 - Nowhere Man
    Krimdrama

    Steve Crane må løyse eit mysterium da ein mann utan minne og med blod på kleda kjem til Ashfordly. Vernon tek eit oppgjer med dei to forretningsmennene som prøvde å lure han, og Jenny blir rasande da Dennis sviktar henne enda ein gong.

  • Episode 20 - Swan Song
    Krimdrama

    Nye reglar i arbeidslivet gjer at Alf Ventress må pensjonere seg frå politiet. Dette vert han ikkje glad for, men Merton seier at tenestetida hans har vore utvida lenge nok. Blaketon har ein beundrar, og Gina har stemnemøte med ein kjekk, australsk kar, Kevin Kelly.