Politibetjent Miller har mistanke til ein gangster frå London som kjem til Aidensfield for å byrje eit nytt liv. Rob vert innblanda i ei ulukke med ein stolen bil, og den siste planen til tante Peggy fører til eit utbrot av salmonella.
Alf går inn i rolla som kriminell i ein undercover-operasjon, men handlingane hans avslører berre skremmelege opplysningar om Miller. Peggy søkjer stillinga som hushalderske hos lord Ashfordly, og David kastar augene sine på rommet hennar.
Ein gjeng ungdomar dyttar Peggy ned i eit hol medan ho driv med krypskyting. Miller tek opp jakta på dei, men i tumultane kjem han i skade for å drepe ein eldre tilskodar. Dette gjer at Miller får noko å svare for.
Da heile gjengen dreg frå Aidensfield for å heie på Rob i ein fotballkamp, ser nokre godt vaksne kjeltringar ein sjanse til eit siste brekk. David får endeleg litt støtte frå Peggy, da det syner seg at jurytenesta plagar han meir enn venta.
Då ein av pasientane til Helen brått døyr, blir ho innblanda i ei sak med mistanke om dødshjelp. Men dokteren har fleire problem, ho vil at forholdet hennar til Rob skal vere hemmeleg. Peg og David set i gang ein svindel med jordbær.
Det bryt ut panikk blant folk i Aidensfield då dei får høyre at ein mordar har rømt frå fengselet. Rob prøver å fange rømlingen, men Helen blir innblanda i saka, og det gjer ikkje etterforskinga lettare for han.
Eit verdfullt bilete av Manet vert stole frå heimen til ein pensjonert kunsthandlar, og Miller mistenkjer at lord Ashfordly er innblanda. Peggy freistar å overtyde eit par fuglekikkarar om at det finst ein sjeldan rovfugl i skogane i Aidensfield.
Rivalisering mellom grådige sysken fører til ei stygg bilulykke, og Walker blir sett på saka. Eit par slit med pengeproblem da barnet deira får ein livstruande sjukdom. Peggy set støkk i nokre turistar, medan Jack og Gina blir skremde ut på heiane.
David hjelper ein ven med å rømme heimanfrå, men den unge guten hamnar i lag med ein framand kar. Aidensfield Arms tilbyr både øl og måleri i samband med ei utstilling, og Jack og Bernie vert så inspirerte av utstillinga at dei vil slå eit slag for Gina og den kunstneriske åra hennar. Ein annan s...
Blaketon ser at ein lokal kjøpmann, Arthur Bolton kysser ei framand kvinne, og er ikkje sein om å informere kona hans om dette. Men neste dag vert kjøpmannen funnen myrda, og den tidlegare politimannen vert mistenkt for drapet.
Da Miller finn ut at Walker hyra Younger som vikar for seg medan han var på vitjing hjå Helen, kjem dei i konflikt. Dette vert rapportert til høgste hald, og det ser ikkje lyst ut for Rob Walker.
Politiet er i høgaste beredskap da ein mystisk gjest kjem til Ashfordly Hall. Ein gut som er på rømmen skaper problem i landsbyen.
Den dømde mordaren Henry Stoddard vert sett fri frå fengselet, og samstundes kjem det meldingar om vandalisme i området. Stoddard får sjølvsagt skulda for dette.
Den lokale guten Barry Dyson vert skulda for fleire brannstiftingar, og det hemmelege forholdet med dottera til den tidlegare arbeidsgjevaren hans gjer ikkje saka noko betre. Peggy har stadige planar om raske pengar, men denne gongen blir opplegget hennar med venen Denzil dårleg motteke i Aidensf...
Ein arving på rømmen vert med den kriminelle kjærasten sin på ei rekkje væpna ran. Men sekstiåra sitt svar på Bonnie & Clyde hamnar i trøbbel og kidnappar Helen. Ho freistar å få jenta til å dumpe kjærasten sin. Medan Bernie er bortreist, har Peggy nye planar for David.
Politiet må starte etterforsking då ein lokal dommar blir utsett for mystiske angrep. Saka tek ei uhyggeleg vending då den mistenkte blir funnen død. Peggy gler seg over at den nye radioen til David kan ta inn politimeldingar, noko ein nyheitsreportar ikkje er like begeistra for!
Younger ber Rosie om å lære han å køyre bil, og lord Ashfordly oppfører seg merkeleg etter å ha ete Peggy sin mystiske sopp. Ein gammal mann dukker opp i landsbyen og gjer krav på å vere den antekne døde ektemannen til ei lokal kvinne.
Niesa til lord Ashfordly kjem på vitjing etter at ekteskapet hennar har rakna. Men ho får fleire problem: Hesten hennar vert stolen, og tjuvane krev løysepengar. Ein gjeng motorsyklistar kjem til byen, og det er kjærleik i lufta for Rosie, medan stedottera til Bellamy, Jane, vert lova stjernestat...
Etter at far hans døyr, mister den lokale bonden Colin alt han eig på ein auksjon. Ein bortkomen og mistenkjeleg bror dukkar opp, og Colin trur at bror hans kan hjelpe han med å skaffe pengar. David har trøbbel med turistane, og Debbie, kona til Bellamy, vert tatt for fyllekøyring.
Bernie vert målet for ein serie valdelege og mystiske angrep, noko som gjer Rosie uroleg. Ein framand frå Helen si fortid kjem til byen, og set livet hennar på hovudet.
Ein død kropp vert funnen i elva, og mistanken fell på Debbie Bellamy som fleire vitne såg flykte frå staden. David og Peggy vert invadert av hippiar, og Rob og Helen freistar å verte vener att.
Ein gammal venn frå militæret kjem på vitjing til Miller, og medan Debbie er bortreist får Bellamy mykje hjelp og stønad av Gina - litt vel mykje, tykkjer Jack. Peggy lærer stedøtrene til Phil eit og anna om krypskyting.
Rob og Helen skal gifte seg. Dei har planlagt ein liten og roleg seremoni, men resten av Aidensfield vil det annleis.
Ein bil med ein medvitslaus mann blir funnen i grøfta. Samstundes har nokon stole sauene frå Len Hallets gard. Kan det vere ein samanheng?
David er lei av å bli kommandert rundt av tante Peggy og skaffar seg jobb hos vindaugspussaren Topsy Turner. Men Peggy gir ikkje opp David så lett.
Det er fredeleg på politistasjonen i Ashfordly. Nesten for fredeleg. Det er rett og slett stille før stormen.