Med hjartet på rette staden

Med hjartet på rette staden
Heartbeat

Krimdrama, Storbritannia, Sesong 8, Episode 24

Onkelen til Jackie, Henry Tomkinson, køyrer ned ein ung syklist og stikk av frå staden i panikk. Eit augevitne gir detaljerte opplysningar om bilen, og Mike skjønar at Henry kan vere den skyldige trass i at kona hans gir han alibi.
0
0

Sesonger og episoder

Sesong 8
  • Sesong 7
  • Sesong 8
  • Sesong 9
  • Sesong 10
  • Sesong 11
  • Sesong 12
  • Sesong 13
  • Episode 1 - Snake in the Grass
    Krimdrama

    Ein nabostrid får uventa konsekvensar, og politiet må etterforske eit tilfelle av matforgifting.

  • Episode 2 - Fall Out
    Krimdrama

    Alec og forloveden frakter en radioaktiv isotop til et laboratorium i Leeds men bilen blir stjålet. Politiet finner igjen bilen etter at den har vært involvert i en ulykke, men blyflasken som inneholder isotopen er borte.

  • Episode 3 - For Better or Worse
    Krimdrama

    Brian Rider øydelegg den nye bilen sin, og mor hans skuldar på bilseljaren. Greengrass får to duer som betaling for ei gammal gjeld.

  • Episode 4 - Past Crimes
    Krimdrama

    Tim McDonald har hatt innbrot i huset sitt, og politiet undrar seg over at han ikkje vil melde det. Greengrass vil bli medlem i golfklubben.

  • Episode 5 - Spellbound
    Krimdrama

    Etter mange år i Afrika er bonden Follett vorten overtruisk, så han skyldar på vonde makter når helsa sviktar. Medan Greengrass sel søle som venleiksmiddel.

  • Episode 6 - Baby Love
    Krimdrama

    Ein baby blir stolen frå vogna si, og politiet mistenkjer adoptivfaren. Greengrass får problem da David søkjer ny jobb.

  • Episode 7 - Give a Dog a Bad Name
    Krimdrama

    Craddock tek i bruk ein ny promilletest og hamnar i konflikt med sinte bønder. Greengrass og David sel saueskinn, og Neil Bolton får mange pasientar som er plaga av lopper.

  • Episode 8 - Hello, Goodbye
    Krimdrama

    Ein ny doktor, Dipak Roy og familien hans, kjem til Aidensfield, men blir møtt med mistru av lokalbefolkninga. Greengrass tek til å handle med russisk hermetikk og blir forstøkt da han oppdagar at det er hundemat i boksane.

  • Episode 9 - Pat-A-Cake
    Krimdrama

    Eit ungt kjærastepar planlegg å rømme til Gretna Green, men jenta dukkar ikkje opp som avtalt. Greengrass går med på å passe ein katt og får i tillegg ein hund, ei geit og ein lama.

  • Episode 10 - Easy Rider
    Krimdrama

    Syklisten Paolo Ermini blir funnen død under mystiske omstende, og politiet mistenkjer ein sykkelkonkurrent for å vere blanda inn i dødsfallet. Greengrass får ei ny venninne som han overtalar til å hjelpe seg med sal av små statuar av formann Mao.

  • Episode 11 - Hot Rocks
    Krimdrama

    Syster til lord Ashfordly, Patricia, kjem tilbake saman med den nye kjærasten sin, Ronnie Harper. Men Ronnie har ei tvilsom fortid, og han hamnar i søkjelyset hos politiet i samband med ei rekkje innbrot i Aidensfield. Greengrass er blanda inn i vidaresal av gamle viktorianske eldstader og har i ...

  • Episode 12 - Shadows & Substances
    Krimdrama

    Ein ung gut hamnar på sjukehus etter å ha drukke forgifta vatn frå elva. Mike har mistanke om at fabrikken i nærleiken er skyld i ureininga. Kjellaren til Bernie er full av skrot, men Greengrass overtalar han til å tilby kjellaren som tilfluktsrom i samband med atomnedfall.

  • Episode 13
    Krimdrama

    Syster til Rachel, Marianne, har falle og slått seg alvorleg. Ho døyr av skadane, og Mike trøystar Rachel. Men politiet har mistanke om at det ikkje var ei ulykke.

  • Episode 14 - Where There's a Will
    Krimdrama

    Peggy Tatton nektar å flytte frå garden etter at bror hennar er død. Stesonen til broren vil ta over garden, men Peggy trugar han vekk med eit gevær. Greengrass leiger ut husrom til ein kjenning, og alt er vel og bra - ei stund.

  • Episode 15 - Taking Sides
    Krimdrama

    Det går rykte om eit forhold mellom Neil og den vakre enkja Elaine Aubrey etter at Neil har følgd henne heim. Greengrass organiserer eit historisk teaterspel, som endar med bråk.

  • Episode 16 - Echoes of the Past
    Krimdrama

    Jane og Graham ventar det første barnet sitt ved juletider, men ei rekkje mystiske hendingar kastar skuggar over lykka deira. Den nye vogga ruggar av seg sjølv og Jane høyrer lyden av eit barn som græt. Penny Craddock arrangerer ein dansekonkurranse.

  • Episode 17 - Twists of Fate
    Krimdrama

    Ei eldre dame som har vore plaga av kronisk bronkitt, døyr brått, og svigersonen hennar stiller Maggie til ansvar. Vanskelegare blir det når testamentet viser at Maggie er arving. Greengrass får besøk av ein mystisk fyr.

  • Episode 18 - The Angry Brigade
    Krimdrama

    Den dømde ransmannen Barry Dixon kjem tilbake til Aidensfield, og alle har mistanke om at han skal hente pengane han stal.

  • Episode 19 - Fire and Ashes
    Krimdrama

    Politiet mistenkjer Trevor Chivers og Julian, den nye vennen hans, for å stå bak eit par mystiske brannar. Men ingenting kan bevisast. Maggie oppdagar at ho er gravid. Greengrass planlegg å leige ut ei jernbanevogn til feriegjester.

  • Episode 20 - All in the Mind
    Krimdrama

    Ei gammal kvinne går til politiet og fortel om mystiske hendingar i nabohuset, men ho blir ikkje trudd før Jimmy melder at den unge, gravide kjærasten hans er forsvunnen. Greengrass blir overtala av Seago til å vere med på eit fiksa veddemål.

  • Episode 21 - Friends Like You
    Krimdrama

    Gina tek opp att songkarrieren i Whitby men blir arrestert da det blir funne narkotika i handveska hennar. Ventress sovnar på toget medan han har nattevakt. I håp om å skjule det låst han som han har skadd armen, men så ringjer stasjonsmeisteren.

  • Episode 22 - Old Ties
    Krimdrama

    Gina blir overraska over at ei nyskild venninne uventa flyttar til Aidensfield. Ein ny restaurant i Ashfordly, som brørne Alan og Dennis eig, blir utsett for ein hatkampanje. Politiet mistenkjer mannen som ikkje fekk kjøpe restauranten.

  • Episode 23 - David Stockwell's Ghost
    Krimdrama

    Cecil og Diane Palmer og sonen Peter har budd i Afrika og saknar livet der. Dessutan går alt gale for dei i Aidensfield - sølvtøy blir borte, mat blir øydelagd og grisene deira blir sleppte laus.

  • Episode 24 - Testament
    Krimdrama

    Onkelen til Jackie, Henry Tomkinson, køyrer ned ein ung syklist og stikk av frå staden i panikk. Eit augevitne gir detaljerte opplysningar om bilen, og Mike skjønar at Henry kan vere den skyldige trass i at kona hans gir han alibi.