Maggie har svangerskapspermisjon og koser seg med babyen sin. Gina får besøk av Terry som er på rømmen og treng pengar. Ho skjuler han ei stund, men Terry er desperat.
Maggie har framleis svangerskapspermisjon, men vikaren hennar får influensa. Det blir innbrot i eit tomt hus som Greengrass har tilsyn med. Ei myntsamling er borte, og Greengrass veit meir om saka enn han vil vedgå.
Celia krev at politiet skal aksjonere da systera ikkje opnar døra si, men politiet trur ho har reist bort saman med ektemannen. Danny og Jimmy tek betalt for å reinse avløpsrøyr dei sjølve har blokkert, men Greengrass skjønar opplegget.
Ein gammal skulekamerat av Ventress kjem tilbake til Aidensfield saman med den nye kona si. Ventress har ei kjensle av at han har skumle planar. Faith Trueman ønskjer å reise tilbake til hotellet i Cornwall, der ho ein gong var på bryllaupsreise.
Ei berømt forfattarinne kjem til Aidensfield. Ho blir begeistra for Mike og sender stadig bod på han under ulike påskot. Greengrass har ansvar for valkampanjen til Wilf Drabble.
Mike og Jackie har bestemt seg for å gifte seg i løynd. Same natta blir eit tog rana, og ein av ranarane blir såra. Isabelle, syster til Greengrass, kjem på besøk.
Mike etterforskar fleire innbrot, og Les Glummer blir mistenkt. Gina flørtar med ein hotellgjest som også får mistanken mot seg. Greengrass prøver å imponere ei gruppe norske turistar med historia til Aidensfield.
Gamle Ernest Saunders byrjar å hugse dårleg. Dotter hans oppdagar at ei sølvskål er borte og trur skåla er stolen. Greengrass blir betalt for å fikse resultatlista for Aidensfield bilrally.
Silas får hjarteattakk medan han køyrer bil, og Greengrass sørgjer for at han kjem på sjukehus. Mike oppdagar at Jackie hjelper syster si, som blir utsett for pengeutpressing.
Da Don Lomax og familien hans er samla i gravferda til kona hans, er det ingen ende på opprørande nytt, og det toppar seg med eit babylik på loftet. Greengrass mislykkast i kaninavlen da han fangar villkaninar som han fargar for å selje dei.
Då Don Lomax og familien hans er samla i gravferda til kona, er det ingen ende på opprørande nytt, og det toppar seg med eit babylik på loftet. Greengrass mislykkast i kaninavlen da han fangar villkaninar som han fargar for å selje dei som kjæledyr.
Malcolm Colbourne får tolmodet sett på prøve: ein stor feide med naboen Clegghorn da sonen blir mistenkt for skyting på nabogarden. Det rablar heilt for han da han oppdagar at kona er utru med den lokale kjøpmannen Bennett.
Det nærmar seg jul i Aidensfield, Mike og Craddock leitar etter ein hjortejeger på eigedommen til lord Ashfordly. Sjølv om det er problem i familien Kendall, overraskar dottera alle på julekonserten.
Mike etteforskar ein serie hotelltjuveri. Samtidig kjem ei dame tilbake til Aidensfield for å leite etter den bortadopterte dottera si. Og Greengrass lurer politiet trill rundt.
Aidensfield får besøk av eksfangen Ray Nixon, og politistasjonen har fått ein ny kvinneleg sjef. Romansen mellom Gina og Andy blir heitare.
Etter 19-årsdagen til Ben Ealham blir Sian Horrocks utsett for valdtekt. Politiet finn gjerningsmannen, men han klarer å vri seg unna straffa. Greengrass kjøper ein verdifull sau av ein mystisk omreisande og trur han har gjort eit kupp.
Ein kjend målar får ei svært ubehageleg overrasking i Aidensfield. Huset han bur i, brenn opp, og politiet trur at brannen er påsett. Greengrass lurer til seg pengar frå kommunestyret for å hjelpe ei gammal flamme i nød.
Gary, sonen til Gladys, blir skoten i skuldra da han skal besøkje venninna si. Greengrass får tilbod om å skrive for ei lokalavis og får gratis varer og tenester frå kjøpmenn som håper på god omtale.
Ein ny, kjekk lege kjem til Aidensfield, og Maggie blir sjarmert. Greengrass driv sykkelutleige, og Ventress får lide da det viser seg at verksemda ikkje svarar til forventningane.
Ein verdifull hest blir stolen frå lord Ashfordly, og Roy Brooks blir henta til forhør hos politiet. Greengrass oppdagar at Bernie har eit skjult talent - som medium.
Det har vore innbrot hos lord Ashfordly, og Mike mistenkjer skogvaktaren, Frank McCready. Greengrass finn ein velta lastebil og forsyner seg av innhaldet.
Det har vore innbrot hos lord Ashfordly, og Mike mistenkjer skogvaktaren, Frank McCready. Greengrass finn ein velta lastebil og forsyner seg av innhaldet.
Franco Mazzetti døyr, og den eldste sonen, Paolo, tek over forretninga. Men snart hamnar han i klammeri med ein konkurrent.
Mike Bradley og kollegene må jobbe overtid. Foreldra til Jackie kjem på besøk frå Sør-Afrika. Greengrass og David plukkar opp ein haikar og får seg ei overrasking.