Event, Spesial

Danmarks første astronaut

Danmark

Andreas Mogensen vart den første dansken i verdsrommet. I september 2015 vart han send på eit ti dagar langt oppdrag på den internasjonale romstasjonen. Men kven er han, og kva har det kravt å bli astronaut? I dette unike portrettet får vi følge han gjennom meir enn eitt år, medan han førebur seg og trener til ferda. Vi kjem tett på mennesket Andreas, kona og familien hans, som prøver å venje seg til tanken på risikoen han utset seg for.