Programleiar Frode Søreide har tatt med seg meglarar til fjellbygda Trysil for å tippe hytteprisar. Her blir det alt frå sjarmerande hyttekos i skogen til luksus rett ved skibakken.
Små, dyre og smarte leilegheiter. Prisane på små leilegheiter i dei store byane har gått rett til vers og mange unge slit med å kome seg inn på bustadmarknaden. Smarte og kreative løysningar blir difor viktig for å utnytte plassen.
Meklarar på sydentur. Den spanske solkysten lokkar til seg tusenvis av soltørste nordmenn. Etter år med finanskrise er både prisane og optimismen på veg tilbake i Spania. Solgt tar med seg norske meklarar til Costa Blanca for å tippe pris.
Drammen er ein av regionane i Norge som vekst mest, men kva kostar det å bu der? Solgt tar med seg meklarar frå Lillehammer og Bergen til elvebyen for å tippe bustadprisar.
Telemark har nokon av dei lågaste bustadprisane i landet. Men det er ukjent for meklarar frå Kristiansund og Nord-Norge som blir tatt med til Skien for å tippe pris på tre selde eigedommar.
Ein av Gjøvik sine mest herskapelege einebustader skal under lupa når Solgt drar til Mjøsbyen for å tippe bustadprisar. I tillegg skal meklarane på visning til idyllisk eigedom frå 1700-talet og moderne einebustad i populært strok.
Kven drøymer vel ikkje om ein eigen vingard med svømmebasseng i Italia? Solgt-programleiar Frode Søreide reiser til Piemonte, heilt nord i Italia, for å tippe pris på fritidseigendommar. Dette er eit av verdas beste vindistrikt og her kan du nyte utsikt til dei italienske alpane.
Fire eigedomsmeklarar frå Austlandet blir tatt med til Vestlandet sin hovudstad, Bergen, for å tippe pris på tre eigedomar. Det blir visningsrundar i eit hus rett ved Fløibana, eit hus på vakre Nordnes og ei arkitektperle med utsikt.
Kva kostar ei hytte i påskefjellet? Er du blitt freista til å kjøpe deg ei fjellhytte i påska? Solgt-programleiar Frode Søreide er på påskefjellet for å tippe pris på tre ulike objekt.