Dokumentar, Reise

Verdas travlaste byar
World's Busiest Cities

Storbritannia

Dan Snow, Ade Adepitan og Anita Rani avslører skjulte system som held dei mest folkerike og kompliserte storbyane i drift.

Sesonger og episoder

Sesong 1
  • Sesong 1
  • Episode 1 - Hong Kong
    Dokumentar, Reise, S1:E1

    Teamet er i Hong Kong der god plass er ein luksus som ikkje mange har råd til. I skyskraparane møter vi menneske som bur i knøttsmå leilegheiter, ikkje større enn eit garderobeskap.

  • Episode 2 - Mexico City
    Dokumentar, Reise, S1:E2

    Over 22 millionar bur i Mexico by. Kjempebyen ligg midt i eit aktivt jordskjelvområde, men dei modige innbyggjarane trassar naturen. Vi ser på korleis skyskraparar toler jordskjelv og kva byen gjer for å ikkje drukne i avfall.

  • Episode 3
    Dokumentar, Reise, S1:E3

    Dan Snow, Anita Rani, og Ade Adepitan drar til Moskva, ein by full av sjølvmotseiingar. Byen har både ein av dei mest effektive undergrunnsbanane og dei verste trafikkorkane i verda.

  • Episode 4 - Delhi
    Dokumentar, Reise, S1:E4

    Hovudstaden i India er ein by i vekst. Over 26 millionar menneske bur i Delhi, og det krev eit enormt maskineri av matproduksjon. Byen er full av yrande folkeliv og høg temperatur.