Heimebane

Heimebane

8.2 IMDb, Drama, Norge

Helena Mikkelsen begynner som trenar for herrelaget Varg. Ho blir Noregs fyrste kvinnelige fotballtrenar på toppnivå og blir møtt med fordommar og motstand.

Sesonger og episoder

Sesong 1
  • Sesong 2
  • Sesong 1
  • 01:00Episode 1 - Heimebanestrøm
    Drama

    Når ein nyopprykt eliteserieklubb mistar trenaren sin like før seriestart, får Helena sjansen til å ta steget over til herrefotballen. Men for å sikre seg jobben må ho kapre han framfor nasen på ein tidlegare utanlandsproff med store trenarambisjonar.

  • 01:00Episode 2 - Heimebanestrøm
    Drama

    Etter eit katastrofalt fyrsteinntrykk i garderoben må Helena sjarmere ein kvinnefiendtleg hovudsponsor til å investere i nye spelarar og overtyde eit traumatisert stortalent om å ta på seg fotballskoa igjen.

  • 01:00Episode 3 - Heimebanestrøm
    Drama

    Helena vil debutere med siger på heimebane, men nysignerte Adrian skapar trøbbel i spelargruppa og viser seg å ha større psykiske problem enn Helena var klar over.

  • 01:00Episode 4 - Heimebanestrøm
    Drama

    Helena hamnar på kant med supporterane og risikerer å spele heimekamp for tomme tribunar. Michael lar seg sjarmere av ein ung fan, mens Camilla forsøker å få drøymejobben.

  • 01:00Episode 5 - Heimebanestrøm
    Drama

    Helena må vinne lokalderbyet mot Ålesund. Camilla har besøk frå Trondheim og blir konfrontert med kva ho føler for Adrian. Eivinds kone prøver å få kontakt med han frå sjukehuset.

  • 01:00Episode 6 - Heimebanestrøm
    Drama

    Helena blir suspendert og må vurdere å skape mediestorm for å anke avgjerda. Michael prøver å skjule noko for kona mens han posisjonerer seg for trenarjobben. Camilla begynner i ny jobb, men slit med å tolke tilnærmingane frå ein kollega.

  • 01:00Episode 7 - Heimebanestrøm
    Drama

    Helena og Espen må ta skjebnesvangre val for å tvinge gjennom kjøpet av ein ny spiss. Camilla og Adrian er på date, men når Nils dukkar opp, blir Camilla tvinga til å fortelje ei hemmelegheit.

  • 01:00Episode 8 - Heimebanestrøm
    Drama

    I uka før ein avgjerande kvartfinale i cupen prøver nyinnkjøpte Mario å finne seg til rette i Ulsteinvik. Michael blir kasta ut heimanfrå. Adrian blir gjenforeina med faren sin etter ein traumatisk avskjed i Amsterdam.

  • 01:00Episode 9 - Heimebanestrøm
    Drama

    Helena må vinne ein skjebnesvanger kamp mot Rosenborg eller risikere å miste jobben. Adrian får besøk av faren sin og må ta et val om framtida. Michael ser ei mogelegheit til å få orden på livet sitt.

  • 01:00Episode 10 - Heimebanestrøm
    Drama

    Varg kjempar til siste serierunde for å unngå nedrykk. Espen legg ein uortodoks plan for å redde jobben til Helena. Camilla leitar etter ei framtid i Ulsteinvik.