Norsk attraksjon

Norsk attraksjon

Dokumentar, Reise, Norge

Norsk attraksjon tar deg til attraksjonar du garantert ikkje finn i guideboka.

Medvirkende

Sesonger og episoder

Sesong 3
  • Sesong 1
  • Sesong 2
  • Sesong 3
  • Episode 1
    Dokumentar, Reise

    I Karasjok er det duka for kuldesjokk, men hjelper det med ull på hovudet, når programleiaren knapt har ein tråd på resten av kroppen? Og korleis kunne eitt hus sleppe unna, då heile Ålesund brann i 1904?

  • Episode 2
    Dokumentar, Reise

    Linda Eide jaktar på dei ukjende attraksjonane og finn dei! Verdas mest ignorerte rundkøyring ligg i Horten, og programleiaren må rett og slett kle av seg for å driva trafikkopplæring. Eit uforklarleg lysfenomen svevar over himmelen i Hessdalen, på åttitalet kjent som UFO-bygda. I dag er Hessdale...

  • Episode 3
    Dokumentar, Reise

    Linda Eide får med seg heile Øyer i eit desperat forsøk på å redda Fakkelmannen. OL symbolet frå 1994 som vart vist verda rundt, er nemleg truga av skogshogst, og ein hjelpe-kassett er siste utveg for å redda attraksjonen.

  • Episode 4
    Dokumentar, Reise

    Linda Eide mønstrar på og rekonstruerer den villaste overfarten i Atlanterhavets historie. Ferda føregjekk i ein livbåt som vart kalla Brudeegget og lasta med ertesuppe og ladd pistol vart det ein brudeferd som gjekk den i Hardanger ein høg gang. Nord-Europas mest berømte tåke er også ein attraks...

  • Episode 5
    Dokumentar, Reise

    Norsk attraksjon sprengjer alle grenser og dreg heilt plutseleg til Sverige! Eigentleg for å spara pengar, men så syner det seg sjølvsagt at Sverige er langt meir enn berre vårt nærmaste spareland.

  • Episode 6
    Dokumentar, Reise

    Linda Eide klatrar høgare enn ho vågar og søkk djupare enn ho vil når ei 350 år gammal kanonkule i ein kyrkjevegg krev tidenes rekonstruksjon. Det handlar om slaget på Bergens våg, ei historie som går Hollywood ein høg gang.

  • Episode 7
    Dokumentar, Reise

    Linda Eide oppsøkjer ein kjølebag som får fram det verste i folk, Noregs einaste kyrkjetårn på bakkenivå, ein historisk nordmann som ikkje ligg i grava si og ein tåkelur som kan sprengja trommehinner til himmels.

  • Episode 8
    Dokumentar, Reise

    Linda hyller Ole Bulls aller dårlegaste idé, akkompagnert av ingen ringare enn sjølvaste superpianisten Leif Ove Andsnes. Saman tek dei sur musikk til nye høgder.